I slutten av august inviterte Strandvik Torget AS til folkemøte, der dei presenterte planar for ein liten park vis-à-vis den nye butikken.

Styreleiare Svein Lang og landskapsarkitekt Arne Smedsvig frå Smedsvig Landskapsarkitekter AS presenterte, etter underteikna sitt syn, nokre fantastiske planar for parken. Parken er planlagd på bakken mellom elva og butikken.

Her fann ein koselege sitteplassar, flust av aktivitetar for born og ungdom og ei lita bryggekant. Ein fenomenalt god idé, var ei lita 5 cm djup plaskedam, som kjapt kunne fryse til skøytebane på vinteren. Elva vil bli mudra ut, og biologar håper sjøauren kan returnere til elva. I tillegg er deler av hovudvegen frå jordmorsvingen til Handelslaget, samt bensinstasjonen, teke med i planen. Her la ein opp til ei flott miljøgate, med grøne element og stein-detaljer som elegant fjerner «asfaltpreg».

Det kom ein del innspel til parken frå dei oppmøte. I all høve positive. Det vart stilt spørsmål, og diskutert, kring forskjellege element i parken. Både Lang og Smedsvig understreka fleire gonger at planen ikkje var hogd i stein, og at ein gjerne måtte kome med innspel.

Styret i Strandvik Torget AS jobbar no med å få på plass finansiering av parkanlegget. Ein håper på byggestart i byrjinga av 2018.

Om du ynskjer å lese / sjå heile planen i detalj, kan du laste den ned ved å trykkje her.

Har du innspel til parken kan desse sendast til arne@smedsvig-landskap.no eller sl@sveinlang.no.