Dugnadsinnsatsen i Strandvik er stor, og god dugnadsinnsats er noko me treng for å halde bygda på det aktivitetsnivået me har.

Som ein takk for dugnadsinnsatsen i året som har gått ynskjer Strandvik Bygdautval, i samarbeid med Leigland Bygg, Strandvik Transport og Maskin og Medio Utleieservice, å invitere til familiefest i Skjelavikjo laurdag 13. juni kl. 18:00.

Bygdautvalet har valt å kalle dette arrangementet for Skjelavikfest. Skjelavikfest vert gratis og ope for heile familien. I tillegg til stemningslys og bål, kjem det erfarne bandet «Last Hippies» for å levera god gamal rockemusikk.

Medio Utleieservice fyrer opp grillen og tilbyr gratis grillmat. Er du redd at det ikkje er nok mat til alle, kan du ta med ekstra grillmat. Drikke til maten (og resten av kvelden) må kvar og ein ta med sjølv.

Dugnad

Men før festen ynskjer me å invitere til ein kjapp dugnad i Skjelavikjo same laurdag, 13. juni, frå kl. 10:00 til 14:00. Bergen og Omland Friluftsråd har spandert to lass skjelsand på oss. Denne sanden må me transportere og legge ut. I tillegg treng vegen ned litt grus, og tre og buskar kan gjerne få seg ein omgang med trimsaksa.

Ta gjerne med spade, grafse, trillebår, trimsaks, greinsaks, traktor eller gravemaskin om du har.

Me håper flest mogleg kan setje av litt tid til både arbeid og hygge denne laurdagen.

Vel møtt!