Strålande marknad

By | 2014-06-05T16:12:17+00:00 4 juni 2014|Arrangement, Bilete|

Årets Strandvik Marknad kan enkelt oppsummerast som ein strålande dag! Ein dag med eit imponerande oppmøte. Nærare 600 menneskje fann vegen til den vesle kystperla og gav eit godt resultat på botnlina. Inntektene går til vidare utvikling av bygda gjennom bygdeutviklingsprogrammet LivOGLyst.

Dagen byrja med Joker Strandvik og gode samarbeidspartnarar sin formidable frukostbuffé.

På sjølve marknadsområdet var det samla 32 salsboder og utstillingar frå alt innan tretønner, kjøkkenreiskap, ATVar, bilar, bøker, fotografi, måleri, sko, kle, parfyme, slips av tre, tupperware og smykker til fillipinsk mat, belgisk sjokolade, cupcakes, Strandvikadravle og lefser.

Her fann ein òg lotteri og hønsedritebingo. Hønsedritebingoen var svært populær i år, og ekstra omgonger måtte til for å tilfredsstille interessa. I år vart det også prøvd ut med andeslepp i elva. I det flotte vêret vart det svært liten vassføring i elva, men heldigvis kom brannvesenet og redda løpet ved å gje endene ei hjelpande hand. Det vart ein spannande innspurt mot mål.

Nytt for året var «song og musikkstemnet». Holmefjord Musikklag, Kammerkoret Takt og Tone, Kor(t)pusten, Credo og Strandvik Blandakor framførte musikk av ulikt opphav i kyrkja og Grendahuset. Framføringane samla nær fulle hus, og me vonar å kunne tilby eit slikt stemne i framtida òg.

Tidligare år har «Bygdaprisen» vore delt ut under marknaden. Dette er ein pris som går til nokon som har utmerka seg i bygda i løpet av året. Årets vinnar var dessverre ikkje på marknaden, men då vinnaren Mikal Leigland vart ringt opp over høgtalaranlegget vart han mållaus. Mikal Leigland er ein person som særleg utpeikar seg for sitt initiativ og sin stå-på-vilje og sitt oppriktige ynskje om det beste for bygda, sa juryen.

Dagen vart avslutta med fest og god stemning i Grendahuset der Van Gils spela opp til dans.

Velkomen tilbake neste år!