Strandvik jenter på volleyball NM

By | 2015-04-22T19:43:32+00:00 22 april 2015|Arrangement, Sport og idrett|

Strandvik var på U-15 NM i Trondheim 19.-22 mars. Jentene kom på 3. plass i regionsmeisterskapet i Hordaland og vart dermed kvalifisert til å spela Noregsmeisterskap i volleyball.

Før helga var forventningane relativt lave, men jentene spelte opp mot sitt beste. Dei var først i gruppe med KSK (Kristiansand sandvolleyballklubb) og Bodø Volley. Her tapte dei mot KSK og vant mot Bodø Volley, dette var berre starten og etter mykje kjemping enda strandvikjentene til slutt på ein fin 15. plass.

Men det var ikkje berre spelarane som utmerka seg, også på tribunen vart Strandvik-gjengen lagt merke til. Med bjøller og duskar laga dei ei fin ramme rund kampane, og var med å gjere eit godt arrangement betre enn det allereie var.

Dette var ei kjekk oppleving både for foreldre og spelarar, der dei for første gong fekk ta lærdom av eit noregsmeisterskap. Det var ikkje tvil om at dei skulle til NM også neste år.

Til slutt takk til hovudtrenar: Otelie Tuft, assistent: Jon Bjarne Kvåle Istad, lagleiar Anita Tveit og alle andre som var med å gjere dette til ein flott tur!

Laget (født):

Maria Vik (2000)
Cassandra Tveit (2000)
Elisabet Tuft Botnen (2000)
Susanne Samnøen (2000)
Tuva Langedal Djupvik (2000)
Silje Marie Opheim (2000)
Agnes Eline Hoel (2000)
Celie-Camilla Dalland (2000)
Gina Kvåle Istad (2002)
Maria Åsmul (2002)