Strandviknissen flyttar inn igjen!

By | 2015-11-17T18:58:21+00:00 17 november 2015|Arrangement|

Søndag 6 desember 2015 klokka 16:00 vil eg, Strandviknissen, igjen flytta inn på Kletten.

Detta gleda eg meg so mykje til. Eg har venta nesten 1 år på at denne dagen skulle koma, og no er den snart her igjen. Eg vil invitera akkurat deg til og koma på besøk denne dagen. Eg gleda meg til og sjå alle fjesene som var der i fjor, og håpa det blir enno fleire i år, store som små.

Strandviknissen 4I år som i fjor kan de møta opp klokka 16 på Kletten. Ta med dykk hovudlykt då det også i år kjem te å bli tidleg mørkt. Ta også på dykk gode klede og fottøy, gjerne regnklede om meldingane ikkje e so bra. Vegen opp te Kletten kan vera litt blaut, men da gjer ingen ting med litt skit på beina. Berre husk at du tar av deg skona i gangen når du kjem heim, då blir ho mor så glad.

Når alle er komen opp te Kletten vil eg tenna julelysene i huset mitt. Desse ska lysa over Strandvik i heile desember. Du er hjartans velkomen opp på Kletten heile året for å bruka hytta mi. Eg blir veldig gla for alle besøk eg får. Det er ikkje alltid eg er heime, men då ser eg at nokon har vore der og då blir eg jublande gla. Eg er blitt fortald at det har vore mykje folk innom hytta mi i løpet av året og da syns eg er kjempe kjekt.

Alle som vil kan leggja igjen ønskelista si her oppe hos meg denne dagen. Det er ei lita luka i døra mi der de gjennom heile året også kan leggja igjen ønskelista dekans. Frisk luft og ein fin tur gjer godt for hovud, skulder, kne og tå. Særleg på denne sundagen. Kanskje det blir ein liten song og noko godt før me går frå Kletten. Ca klokka 17:00 går me samla i fakkeltog ned gjennom skogen til handelslagsfjøra og tenner bål med alle faklane. Faklane kan de kjøpa hos mine gode hjelpara for 20 kroner.

Eg ynskjer alle i heile verda velkommen.

Helsing Strandviknissen