For nokre år sidan byrja ein gjeng arbeidet med å reinske og merke opp stiar rundt omkring i Strandvik. Gjengen vart leia av Johannes Kvåle. Dette imponerande arbeidet har ført til at mange toppar og plassar som sjeldan såg folk før, no er populære turmål. 

Johannes har også laga flotte skilt som leiar folk elegant kringom i marka. Med seg har han blant anna hatt Jan Tore Aakre og Anfinn Djupvik. Karane har ikkje berre rydda og merka stiar, men dei har også sett opp benkar, bord og postkassar. Postkassane inneheld nøye statistikk over dato og klokkeslett turgåarar har besøkt staden. Ein fryd for nysgjerrige bygdefolk! 

Johannes og Jan Tore

Anfinn Djupvik, Johannes Kvåle og Jan Tore Aakre i arbeid på Skårafjedle.

Underteikna har meint desse stiane burde vert samla i eit kart slik at også folk som ikkje er lokalkjend kan fine fram i skogen. Difor tok han i 2012 initiativ til innkjøp av ein GPS-peilar. Med seg fekk han både Lars Kristian Kvåle og Thomas Boge, og i løpet av året vart dei fleste stiar kartlagde. 

No har underteikna endeleg fått lagt den omfattande GPS-dataen inn på eit kart, og lansert kartet her på Strandvikjo.no. På kartet ser ein oversikt over alle toppar og plassar ein kan gå til, inkludert vanskegraden. Zoomar ein inn ser ein stiane som fører til plassane. I tillegg finn ein oversikt over parkeringsplassar, badeplassar, butikk og litt andre stader som kan vera greitt å vite om visst ein ikkje er så godt kjend i bygda. 

Det manglar framleis litt på kartet, men me kjem til å supplere med turmål og stiar etterkvart. Kartet kjem du innpå ved å trykkje «Kart» i menyen over, eller trykk her

Så kva venter de på? No er det berre å reise ut å utforske Strandvika-naturen.