Utspyling og ettervirkningar

By | 2014-01-05T16:09:59+00:00 5 januar 2014|Nyhende, Referat|

Strandvik og Vinnes Vassverk SA gjennomførte ei utspyling frå ledningsnettet laurdag 4. januar. Her følgjer ei pressemelding frå styret i SOVV.

Siste tida før jul har me fått mange klager på rusk i vatnet. Partiklane fører til at silar og filter montert på ulikt utstyr hos medlemmene i vassverket tettar seg, og me opplever at det er dårleg trykk på vatnet. Særleg dei som bur litt i høgda kan oppleve at vatnet blir heilt borte. For å bøte på dette bestemte styret i vassverket å gjennomføre ei ekstra utspyling på kort varsel. Utspylinga blei gjennomført etter planen og med dei ulemper det alltid fører med seg. Seinare på kvelden fekk me klager på at vatnet framleis var borte. Dei to operatørane måtte derfor tørne ut på kveldstid, og etter kvart nattetid for å finne ut av årsakene til dette. Den korte forklaringa er at luft har kome inn i systemet og stoppa vatnet. Me seier oss leie for dei ulemper det har ført til. Folk tok det med godt humør og tålmod. Takk for det.

– For styret i Strandvik og Vinnes Vassverk SA ved Atle Anda, leiar. –