Utvida opningstider for Joker Strandvik

By | 2014-05-01T08:18:15+00:00 30 april 2014|Smånytt|

Joker Strandvik utvidar opningstida for sommaren 2014 med ein time i kvardagen.

Det vil sei frå 2. mai til 1. september er opningstida til lokalbutikken frå 9 – 19 måndag til fredag, og frå 9 – 18 på laurdag.

Joker Strandvik set pris på og vil takke for gode tilbakemeldingar på kundeundersøkinga. Lokalane er tronge, men dei lover å gjera sitt beste for at du framleis skal få ein god handleopplevelse og eit smil.

For meir informasjon om lokalbutikken kan nettstaden deira besøkast ved å trykkje her.