Vårreingjering i bygda

By | 2012-04-18T18:08:07+00:00 17 april 2012|Bilete, Dugnad, Nyhende|

Laurdag var det duka for fellesdugnad i regi av dei frivillege laga i bygda. No er den vakre bygda vår klar for 17. mai og ein aktiv sommarsesong!

Det er lenge sida sist så mange var samla til dugnad i Strandvik. Både store og små, tobeinte og nokre firbeinte vener var på plass for å få bygda til å skina.
Bygdafolk stilte med kostar og spadar under armen, motorsager og større hjelpemiddel som gravemaskin, traktor og lastebil – og på toppen av dette store dosar med godt humør! Samtalane flaut over ein låg sko, latteren sat laust, og arbeidslysta var smittande.

Det vart reinska ugras, plukka boss, rydda, beisa og lakkert. Sandkasser vart endevent. Tre vart saga ned, og murar og opne plassar fekk ein omgong med høgtrykkspylar. Særleg omtanke fekk skuleplassen, idrettsplassen, grendahuset og området kring Vikaelva.

Saniteten sytte for kaffi og noko attåt, slik at bygdafolket heldt både humør og energi på topp!

På vegne av oss alle i bygda: Tusen takk til alle som stilte opp og var med å gjera denne fagre bygda enno vakrare!