Årets Strandvik Marknad kan enkelt oppsummerast som ein flott dag! Godt oppmøte av folk, mykje flotte standar og utruleg nok opphaldsvêr i desse regnfulle tider.

Dagen byrja med Joker Strandvik og gode samarbeidspartnarar sin formidable frukostbuffé, med alt frå skinke og salami til bønner i tomatsaus og egg i alle fasongar.

På sjølve marknadsområdet var det samla 36 salsboder og utstillingar frå alt innan tretønner, tredreiing, kjøkkenreiskap, ATVar, antikvitetar, bøker, fotografi, måleri, kle, parfyme, tupperware og smykker til fillipinsk mat, belgisk sjokolade, skillingsbollar, cupcakes, Strandvikadravle og lefser.

Her fann ein òg lotteri, ansiktsmåling, nervepirrande hønsedritebingo og andeslepp i elva med ein spanande innspurt mot mål. I år er det kommuneval, så lokalpolitikarane vart også utfordra med utvalde spørsmål på scena.

Også i år vart det halde «song og musikkstemne». Strandvik Blandakor, Alt for damene, Credo og Kammerkoret Takt og Tone framførte eit allsidig repertoar i kyrkja og Grendahuset. Framføringane samla mykje folk, og me vonar å kunne tilby eit slikt stemne til neste år òg.

Tidligare år har «Bygdaprisen» vore delt ut under marknaden. Dette er ein pris som går til nokon som har utmerka seg i bygda. Vinnarane i år vart ekteparet Hans Magne og Kristine Kvåle. Dei har gjeve bygdas ungar og ungdom gode og varige verdiar som gode rollemodellar, og gjennom det gode miljøet dei har skapt på tunet på Raudvoll Gard og i bedehuset. No flyttar paret til Sogndal, og med seg ditt fekk dei eit epletre til minne om Strandvik.

Dagen vart avslutta med fest, dans og god stemning i Grendahuset.

Det er allereie bestemt at Strandvik Marknaden vert halde igjen 28. mai 2016, så sett gjerne av datoen!

Underteikna var så opptatt under marknaden at han ikkje fekk tid til å knipse eit einaste bilete, men heldigvis fekk Nicholas Vindenes Tuft knipsa eit par: