Vel overstått marknad

By | 2013-06-03T19:28:03+00:00 3 juni 2013|Arrangement, Bilete, Dugnad, Referat|

Laurdag 1. juni vart det for andre gong på rad arrangert den årlege marknaden i bygda. Fjorårets marknad var ein suksess med mykje folk og strålande vêr. I år var det diverre også marknad i Fjord’n Senter i Eikelandsosen samstundes. Dessutan var det regn i lufta og små-kaldt. No trur du kanskje det går nedover herifrå, men eg prøver berre å byggje opp litt spenning, for marknaden i år slo faktisk alle rekordar!

Det byrja allereie fredagen då idrettsbana vart fyld av både lang- og kortvegsfarande campingbilar. Nokre av desse kom frå Halsnøy Caravanklubb, nokre frå Bergen og andre faktisk frå andre bygder i Fusa. Sidan underteikna bl.a. var «ansvarleg for parkering» denne dagen, kom det nokre nervøse tankar då svingen på Kvålshaugen vart runda. Det som var tenkt til ein stor og fin parkeringsplass var omgjort til ein campingplass med 16 «husvogner» i ulik storleik og utsjånad.

Då marknadsdagen rann, vart dei nervøse tankane gjort til skamme. Campinggjestane oppførde seg eksemplariske og lagde god stemning. Joker Strandvik inviterte til frukost medan bilane byrja å straume til. Særs samarbeidsviljuge sjåførar førte til at alle fekk plass. Lars Johannes Dalland, Hans Willy Tuft og John Einar Vik hadde førebudd frukosten. Dei hadde mellom anna ordna med eit stort utval av pålegg. Nytt av året var eit snev av engelske tendensar i form av bønner i tomatsaus, speilegg og pølser. Store og små kosa seg saman, og praten gjekk livleg, gjerne på tvers av generasjonar og kommunegrenser. Det er reint imponerande at gjengen klarde å metta heile 300 personar.

Kl. 12 vart det offisiell opning. Her fekk me song av dyktige damer i koret «Tungpusten». Deretter overtok den talentfulle Natasja Smørholm, som nyleg gjekk vidare til fylkesmønstringa i UKM. Ho vart akkompagnert på gitar av Magnus Tuft Soltvedt og Arne Johan Hesvik Kartveit. Så vart tre av bygdas forfattarar og deira bøker samla kring eit bord. Her fann me Fredrik Schmidt Fotland med boka «Agenten», Johan Warhuus med «Då krigen kom til Strandvik» og Ingvar Nistad Kvamme med diktsamlinga «Eg les denne steinen». Fredrik Schmidt Fotland leia fyrst ein spørjerunde om kvarandre sine bøker, og så las dei nokre utdrag frå bøkene sine.

Kl. 13 var det tid for å dela ut årets bygdapris. Ein intetanende Peter-Hans de Zwarte vart lurt ut på scenen for å hjelpe Tone Andreassen Vik med å overrekkje blomar til prisvinnaren: han sjølv. Stort var sjokket då han uforberedt stod der i arbeidskleda etter å ha våre på feilretting for Fusa Kraftlag etter eit lynnedslag. «Det var ikkje vanskeleg å finna grunngjevingar for at nettopp Peter-Hans skulle få årets pris», seier nemda. «På tross av sin unge alder har han eit stort engasjement for bygda og seier aldri nei når han vert spurt. Han er primus motor for heimesida me er så stolte av, og han har arrangert fleire datatreff (LAN-party) for ungdommar i heile Fusa. Peter-Hans sit ikkje og ventar på at ting skal skje, han får ting til å skje!»*

Utover heile dagen var det mogleg å besøkje dei forskjellege salsbodene. Her fann me mykje mat som laks, rømmegraut, rauddravle, cupcakes, filipinske rettar og belgisk sjokolade. Vidare var det sal av ATV, måleri og kunst, utstoppa dyr, piletre, kosmetikk, keramikk, litteratur, kjøkkenklutar, Tupperware, ja her fann ein til og med eit loppemarknad. Før dagen var omme var mange av salsbodene allereie utseld.

Av aktivitetar under marknaden kunne ein her prøve seg på ponniridning, borna kunne få ansiktsmåling, kyrkja var open for besøk, det vart kunstutstilling (og sal) i Galleri Rosenlund og som i fjor fann ein her det svært populære «Hønsadritabingo».

Marknadsdagen vart avslutta med ein liten konsert i kyrkja. Tor Odin Milde, Natasja Smørholm, Sverre Vindenes, Maria og Fride Anda Vangen bidrog alle til at dette vart ei utruleg vakker stund. No kunne folk mett, glad og fornøgd ta seg ein tur heim eller til campingbilen, slappe av litt og gjera seg klar for rekebuffet og dans på Handelslaget.

Mykje godt dugnadsarbeid vart lagt ned i denne marknaden, og mykje folk var med på dette arbeidet. Men særskild eldsjelene Mona Tveit Dalland, Martha Kristin Tuft Soltvedt og LivOGLyst-general Tone Andreassen Vik må nemnast. Det er dei som er hovudkreftene bak at nær 350 personar fann vegen til Strandvik denne dagen.

Klarar me den vanskelege oppgåva med å toppa denne marknaden til neste år?
Det er vel kanskje eit dumt spørsmål, for kva klarar me ikkje i Strandvik?

(Skriv gjerne kva du synest om årets marknad, og kva du ynskjer til neste års marknad ved å leggje att ein kommentar nederst på sida ↓ .)

Her kjem eit lite galleri med bilete som Linda Haugland Vik har teke på marknaden:

*Den observante lesar kan observere at namnet på bygdaprisvinnaren samsvarar mistenkjeleg med namnet på underteikna artikkelforfattar. Artikkelforfattaren vil gjerne meddele at dette avsnittet vart skreve av Tone Andreasen Vik, og det dermed ikkje er noko sjølvskryt frå hans eige hovud!