Vellukka regionmeisterskap og NM

By | 2014-06-22T19:28:48+00:00 22 juni 2014|Arrangement, Bilete, Nyhende, Sport og idrett|

14. og 15. juni arrangerte Strandvik IL for andre gong regionmeisterskap i sandvolleyball for Hordaland. Bodil Vik, som har ansvar for volleyball i SIL, var svært nøgd med deltakinga. Det gjekk over all forventning med over 50 lag i 9 ulike klassar, og tilsaman nærare 120 kampar. 

Sola strålte og det same gjorde både lokale og tilreisande spelarar. Mange av dei unge volleyballspelarane i bygda presterte særs godt på bana. Tre av spelarane frå SIL er tatt ut blant spelarane som representerer Hordaland i NM for Regionlag U17 i Stavanger. Grete Tuft Soltvedt vart tatt ut for jentene, medan Torjus Tuft og Jon Bjarne Kvåle Istad er representert hjå gutane. 

20. – 22. juni vart NM for Regionlaga halde. Og begge regionslaga frå Hordaland klarte til slutt ein flott 3. plass, og dermed bronsemedalje.

Her er nokre bilete frå regionmeisterskapen: