Verdsomspennande gjestebod

By | 2014-04-20T15:29:04+00:00 8 april 2014|Arrangement, Bilete, Kunst og kultur|

Bortimot seksti personar frå Fusa-halvøya deltok i årets internasjonale fest i Strandvik Grendahus sundag 6. april. Strandvik husar seksten forskjellige nasjonar, hadde Laila Vangen, som leia festen, rekna ut. Ein god del av dei var representert denne dagen. Og deltakarar var der i alle aldrar, frå dei bitte små til dei gråhåra. 

Mat vart det i overflod ettersom familiar og einskilde kom til gards med salt og søtt. Heimlaga lappar og spennande rettar med eksotiske namn. Det smaka godt, alt i hop! 

Så song me ei musevise på Latvisk og Fader Jacob på ni forskjellige språk. Jacob Sande songen om «Brita i Bu» og «Brand in Mokum» på hollandsk. (Mokum er kosenamnet slik den jødiske befolkninga av Amsterdam kalla byen i si tid.) 

Gjøgleri sto Charley Særvold og Frode Mjøs Johnsen for. Dansen leia Ragnhild Bjørke. Ho fekk oss andre til å dansa rundt i finurlege menneskefletter, som fekk alle til å le. 

Heile kvelden fekk me akkompagnement av Lars Skaathun med trekkspel. Det satte prikken over i-en i ein vellukka fest! 

Lokalet var pynta med flagg til ein heil del nasjonar, som skuleborn i Strandvik hadde måla. Norske Ragnhild Bjørke og Ingjørg Helle, litauske Monika Siukscius og hollandske Bjørghild des Bouvrie hadde teke initiativet til festen.

– Bjørghild des Bouvrie –