I helga som var, vart fylkesmønstringa av UKM halde i Grieghallen. 

Ein imponerande gjeng frå Strandvik deltok. Natasja Smørholm stilte med to eigenkomponerte poplåtar, og Jonas Kvåle med bandet «Standing Still» framførte to eigenproduserte låtar. Men dessverre vart ikkje desse to stemt vidare til landsmønstringa i Trondheim.

Bo Mathys derimot, med bilete «The Door to the Fjord», gjekk, som ein av 22, vidare med glans. Strandvikjo.no ynskjer Bo lykke til i Trondheim, og ynskjer Natasja og Jonas betre lykke neste år!

 

The Door To The Fjord