Search results for: «dugnad»

  • Invitasjon til fellesdugnad

    Invitasjon til fellesdugnad

    Det har vore arrangert felles dugnad for laga og organisasjonane i bygda nokre år no. Og neste laurdag, den 22. april, frå kl. 10:00 til 15:00 inviterer me igjen til eit skippertak for å få bygda til å skina frå si beste side.

    Me håper du har moglegheita til å stille på skuleplassen der dei forskjellege laga kjem med lister over arbeid som kan gjerast. Ta gjerne med verktøy og utstyr du «trivst» med, smått og stort. Det vert kaffi med noko godt attåt kl. 13:00.

    Hyttefolk er også svært velkomne. Ta gjerne med familie, vener og naboar til nokre nyttige timar for det vesle samfunnet vårt.

    Her kan du lese referat frå ein tidlegare dugnadane.

  • Invitasjon til dugnad

    Invitasjon til dugnad

    Det har vore arrangert felles dugnad for laga og organisasjonane i bygda nokre år no. Og neste laurdag, den 16. april, frå kl. 10:00 til 15:00 inviterer me igjen til eit skippertak for å få bygda til å skina frå si beste side.

    Me håper du har moglegheita til å stille på skuleplassen der dei forskjellege laga kjem med lister over arbeid som kan gjerast. Ta gjerne med verktøy og utstyr du «trivst» med, smått og stort. Det vert kaffi med noko godt attåt kl. 13:00.

    Hyttefolk er også svært velkomne. Ta gjerne med familie, vener og naboar til nokre nyttige timar for det vesle samfunnet vårt.

    Her kan du lese referat frå ein tidlegare dugnadane.

  • Skjelavikfest og dugnad

    Skjelavikfest og dugnad

    Dugnadsinnsatsen i Strandvik er stor, og god dugnadsinnsats er noko me treng for å halde bygda på det aktivitetsnivået me har.

    Som ein takk for dugnadsinnsatsen i året som har gått ynskjer Strandvik Bygdautval, i samarbeid med Leigland Bygg, Strandvik Transport og Maskin og Medio Utleieservice, å invitere til familiefest i Skjelavikjo laurdag 13. juni kl. 18:00.

    Bygdautvalet har valt å kalle dette arrangementet for Skjelavikfest. Skjelavikfest vert gratis og ope for heile familien. I tillegg til stemningslys og bål, kjem det erfarne bandet «Last Hippies» for å levera god gamal rockemusikk.

    Medio Utleieservice fyrer opp grillen og tilbyr gratis grillmat. Er du redd at det ikkje er nok mat til alle, kan du ta med ekstra grillmat. Drikke til maten (og resten av kvelden) må kvar og ein ta med sjølv.

    Dugnad

    Men før festen ynskjer me å invitere til ein kjapp dugnad i Skjelavikjo same laurdag, 13. juni, frå kl. 10:00 til 14:00. Bergen og Omland Friluftsråd har spandert to lass skjelsand på oss. Denne sanden må me transportere og legge ut. I tillegg treng vegen ned litt grus, og tre og buskar kan gjerne få seg ein omgang med trimsaksa.

    Ta gjerne med spade, grafse, trillebår, trimsaks, greinsaks, traktor eller gravemaskin om du har.

    Me håper flest mogleg kan setje av litt tid til både arbeid og hygge denne laurdagen.

    Vel møtt!

  • Invitasjon til dugnad

    Invitasjon til dugnad

    Det har vore arrangert felles dugnad for laga og organisasjonane i bygda nokre år no. Og komande laurdag, den 25. april, frå kl. 10:00 til 15:00 inviterer me igjen til eit skippertak for å få bygda til å skina frå si beste side.

    Me håper du har moglegheita til å stille på idrettsplassen denne (mest sannsynleg) vakre solskinsdagen. Ta gjerne med verktøy og utstyr du «trivst» med. Det vert kaffi med noko godt attåt kl. 13:00.

    Hyttefolk er også svært velkomne. Ta gjerne med familie, vener og naboar til nokre nyttige timar for det vesle samfunnet vårt.

    Her kan du lese referat frå dei siste dugnadane.

  • Dugnadsdyd gjev bygdefryd

    Dugnadsdyd gjev bygdefryd

    Det er ein fantastisk vår og alt spirer og gror. Men moder jord må av og til temmast litt, og i Strandvik gjer me dette med å kalla inn til stor dugnad.

    Både små og store individ møtte opp på denne fantastiske dagen til ein durabeleg innsats. Gras og busk vart kutta i kvar krik og krok. Gravplassen vart planert, leikeapparat ved Grendahuset vart riven, nye apparat vart sett opp ved barnehagen, volleyballbana fekk fornya sanden, Skjelavikjo vart reinska for tang, tare og stein og mykje meir…

    Dei forskjellege laga hadde organisert eit stort matfat av både salt og søt. Dei tradisjonelle kakene og søtsakene gjekk ned på høgkant, men må sjå seg slått av det nye innslaget av bagettar og rundstykke som falt svært godt i smak hos dei hardt arbeidande.

    Takk for ein eineståande innsats av bygdefolket, no er bygda klar til å ta imot både nye konfirmantar, 17. mai og den årlege marknaden.

    Underteikna tar atterhald om at overskrifta kanskje ikkje er språkleg riktig. Men verande i det fantasifulle hjørnet vart dugnad og dyd, som tyder ein moralsk verdifull eigenskap eller god handling, slegen saman. Underteikna synest denne overskrifta passa svært godt til bodskapen i artikkelen, og bryr seg dermed nemneverdig lite om kva andre meiner om det…

    (Trykk på bileta for å forstørre dei.)

  • Invitasjon til dugnad

    Invitasjon til dugnad

    Det har vore arrangert felles dugnad for laga og organisasjonane i bygda nokre år no. Og komande laurdag, den 26. april, frå kl. 10:00 til 15:00 inviterer me igjen til eit skippertak for å få bygda til å skina frå si beste side.

    Me håper du har moglegheita til å stille på idrettsplassen denne (mest sannsynleg) vakre solskinsdagen. Ta gjerne med verktøy og utstyr du «trivst» med. Det vert kaffi med noko godt attåt kl. 13:00.

    Hyttefolk er også svært velkomne. Ta gjerne med familie, vener og naboar til nokre nyttige timar for det vesle samfunnet vårt.

    Her kan du lese referat frå dei to siste dugnadane:
    Nok ein vel utførd dugnad (2013)
    Vårreingjering i bygda (2012)

  • Nok ein vel utførd dugnad

    Nok ein vel utførd dugnad

    Det er sikkert mange som har sett tv-reklamen for Felleskjøpet, den kor det aular fram folk med reiskapar og tungt maskineri for ei kvar arbeidsoppgåve. Litt sånn var det i Strandvik laurdag 27. april då den årlege fellesdugnaden gjekk av stabelen.

    Bygdautvalet, FAU-skule og barnehage, Idrettslaget og Grendahuslaget samarbeider om denne dugnaden. Arbeidslista for dei ulike områda hang lett synlege, og alle fann noko å gjera. Vêrgudane hadde heldigvis skrudd av krana denne eine dagen, og attpåtil braut sola seg gjennom skydekket.

    Den nye barnehagen skulle malast. Aktiviteten var så høg at ein måtte eins ærend til Eikelandsosen for å henta meir maling. Ein skulle tru at det kun var foreldre med barn i barnehagen som hang i veggen, men her var besteforeldre, andre foreldre, ja til og med nokre som ikkje er foreldre. Den formidabel innsats gjorde til at den nye barnehagen i Strandvik vart ferdig malt.

    På skuleplassen var det eit yrande liv. Buskar vart klypt og tynna. Ugraset vart slete opp med ein slik entusiasme at ugraset nesten hoppa opp av jorda sjølv. Oppvekstsenteret sin visjon er «Smil for stjerner i vekst» og midt i mellom skulen og barnehagen har elevar laga eit stjerneforma-blomebed. Både krokus, påske- og pinseliljer og tulipanar har lyst imot alle som kjem til Oppvekstsenteret. Etter ein tøff vinter skein ikkje stjerna like mykje i år. Men, etter dugnad på laurdag vil stjerna på nytt lysa mot alle. Rundt Grendahuset sto òg ugraset og skalv, sjølvsagt ikkje utan grunn. Ivrige lukarar gjekk til verks med stor iver her òg. Både store og små gjorde ein flott jobb, og jobben vart gjort med mykje smil og latter.

    No når barnehagen står og lyser med ny flott maling, kan ikkje Grendahuset vera noko dårlegare. I år skal Grendahuset malast og på laurdag vart huset klargjort til dette etter alle kunstens reglar. Sjølv om det vert ny barnehage i bygda med tid og stunder, skal dei framleis halde til i Grendahuset ei stund til. Det vart kosta og klypt, og sandkassa vart «snudd-opp-ned» sånn at sanden vart mjuk og samarbeidsvillig for ungane å leika i.

    På idrettsbana vart vegetasjonen temma og freista heldt i sjakk. «Buo» vart rydda, og benkar malt. Fotballmål vart skrudd saman til stor glede for alle fotballspelarar. Området er stort, men med så mange positive og ivrige arbeidarar gjekk arbeidet leikande lett. «Handelslagsfjera» fekk òg besøk av ivrige arbeidarar. Her vart det raka, rydda og reinska for allslags vinteren har skylt inn. Rundt parkeringsplassen i bygda vart det klypt og rydda så mykje at det gjekk i to fulle containerar. No lys blomsterbeda opp området, og trappa ned til elva kom til sin rette etter litt kosting og rydding.

    Utan mat og drikke, duger som kjend heltane ikkje. Sanitetskvinnene dekka opp på bordtennisbordet på skuleplassen. Kaker frå klassekontaktar, Sanitetskvinnene, Idrettslaget og Grendahuslaget gjorde godt for store og små. Kaffi og saft gav nye krefter til ei siste arbeidsøkt.

    Ein stor takk til alle som kom. No kan bygda ta imot konfirmasjonsgjestar og 17. mai med glede.

  • Breistølshytta i Fusafjedle

    Breistølshytta i Fusafjedle

    Eit tilbakeblikk ved Johannes Kvåle

    Av Johannes Kvåle publisert 19. juni 2014

    Eg er beden om å skriva eit notat om oppstarten og bygging av Strandvik Idrettslag si hytte på Breistølen i Fusafjedle.

    Svært mange tok del i dugnadsarbeidet, dei fleste utan noko godtgjersla. Dersom eg skulle nemna namn, vil det lett bli nokon som gjorde stor innsats, og ikkje er blitt hugsa på.

    Men utan å gjera nokon urett må eg ta fram Per Vik og Leif Vik. Per Vik serleg i oppstarten, og Leif Vik både i oppstarten og gjennomføringa. Det er for det meste opplysningar frå desse to og det eg har notert og hugsar sjølv, eg byggjer på i det fylgjande.

    På femtitalet var Fusafjedle svært mykje nytta i tursamanheng både sumar og vinter. Kva tid og kven som først tok opp spørsmålet om å få bygd ei hytte veit eg ikkje, men eg hugsar at me først såg på ein plass opp mot Storahorjo. Men det vart snart klart at plassen skulle vera der Haugs-og Leglandssela stod.

    Leglandsselet var det då lite att av. Haugsselet sto framleis, men var i svæt dårleg stand. Me tok opp spørmålet med Stein Hauge, som då var formann i fjellstyret. Han laga eit skriv som me var rundt til alle grunneigarane for å få underskrift. Per og Leif tok for seg dei i Bersbygdo, og Per og eg dei på Fusa. Alle skreiv under med unnatak av ein, men det valde me å sjå bort frå.

    «Teikningar» til hytta var diskutert, og var ikkje meir detaljert enn eit «romprogram» og fastsetjing av utvendig størrelse. Ein kan vel kalla det for ei skisse. Dette var nok eit samarbeid, og om nokon hadde hovedansvaret, veit eg ikkje.

    Me fekk løyve hos Anders Legland, som eigde skogen, å hogga det me trong til hytto. Vinteren 1963 vart det hogge, barka og drege fram rundtømmer nok til bjelkar og sperr. Stokkane vart øksa beine, etter snor og kritstrek. Det var mykje snø denne vinteren, så det var litt av eit slit å få tømmeret på plass.

    Me fekk greie på at det skulle hoggast tømmer i Kjørkjeteigen (kommunal eigedom). Kvelden før kommunestyret var me oppe til kommunestyremedlem Hans H. Tuft. Han skreiv ein søknad frå idrettslaget for oss. Den la han fram for ordføraren (Stein Hauge) dagen etter.

    Eg siterar frå møteboka 22. oktober 1962:

    Det føre-låg eit brev frå Strandvik Idrettslag. Samrøystes vedtak: Det vert å lysa ut tilbod på den utblinka granskogen på kommunegarden. Strandvik Idrettslag får hogga ca. 30 m3 av den skogen i Kyrkjeteigen som heradskogmeistaren meinar bør hoggast. Skogreisingsleiaren blinkar ut. Det er ein føresetnad at idretteslaget ryddar opp etter seg.

    Det var Tor Stensletten som var skogreisingsleiar, og han var nok romsleg når han blinka ut for oss.

    Leif Vik og Bjarte Kvåle
    Frå venstre: Bjarte Kvåle, Leif Vik, Odd Harald Kvåle, Johannes Kvåle, Terje Tveit, Torleif Bakke, Gunnar Kvåle, Per Kristian Vik, Bjørn Terje Hauge, Kjell Henrik Vestvik, Per Vik, Olav Einar Kvåle og Tor Vik.

    I kommustyrevedtaket står det granskog, men det var fureskog som stod i Kjørkjeteigen.

    Tanken med tømmerhogsten var at her kunne me nytta mykje dugnad og skaffa oss billig den trematerial som trongst. Ein baktanke var nok og at det tømmer som var for mykje kunne seljast. Både tanken og baktanken slo til for fullt.

    Det var stordugnad i Kjørkjeteigen rundt årsskiftet 62 – 63. Motorsag var brukt til felling og litt kvisting, men elles var det «handamakt» til kvisting, barking og draging ned til vegen.

    Takka vere romsleg blinking vart det mykje til overs. Dette kjøpte Magnus Skåtun, etter at me var med og klargjorde for fløting frå Vågen.

    Det som trongst til hytta vart transportert til Erling Dalland si sag i Storasundet. Og noko til Einar Vik si sag ved Vike-elva. Etter oppsetting og tørking ved Storasundet, vart det som skulle brukast innvendig i hytta frakta til Heggland på Os for høvling og pløying. Transport begge veier var med mjølkebilen, sjåfør Anders Vik.

    Grunnarbeidet vart utført sumaren 1963. Som før nemnt var Haugsselet i dårleg stand, men ikkje verre enn at det var brukande til overnattingsplass. Hos Torbjørn Tombre (dampskipsekspeditøren) fekk me låna ein presenning, og hadde såleis tett tak og ei brukbar «arbeidsbarakka». Me hadde hestar med oss, som vart brukte til kløvjing og trekkraft for ein provisorisk slede som vart laga på plassen. Stein fann me for det meste i Setraelvo. Støypesand vart samla opp frå bekkjer like ut frå Svingar. Sement og diverse anna kløvja frå Hauge.

    Arbeidet gjekk med liv og lyst, men ikkje heilt utan dramatikk. Leif Vik fekk krast stortåa si av den største steinen i grunnmuren. Leif måtte fraktast til bygda på hesteryggen. Arbeidsfolk trong mykje mat. Eit par av dei yngste gutane vart sende til bygdars for proviantering. Dei kom oppatt med mat, og hadde med seg eit fylgje av 7 – 8 jenter. Men etter at jentene hadde ete seg godt mette, for dei heimatt. Det lika dugnadsgjengen lite. Det vart difor einstemmig bestemt at det skulle straffast med dansestreik, og ei tid frametter vart Strandvikajentene «veggpryd» på dansane. 

    Leif Vik og Leif Magne Vik
    Frå venstre: Reidar Helvik, Øyvind Kvåle, Leif Magne Vik, Leif Vik og Olav Vik.

    Om det heile tida var ein føresetnad at det skulle nyttast helikoptertransport veit eg ikkje. Det var kanskje pengar frå salg av tømmer frå Kjørkjeteigen som gjore dette mogeleg.

    I alle høve vart helikopter hyrt inn på ettersumaren 1963. Avtala pris var kr 900,- pr. time. Kvart hiv skulle vera 250 kg. Alt var pakka og klart ved løa til Einar Håvik, men det varde og rakk før helikopteret kom. Men omsider kom transporten i gang.

    Alt gjekk greit, bortsett frå ueinigheit om timar som var ført opp på rekninga. Etter litt om og men oppnådde me ein betydeleg reduksjon.

    Hytta var reist tidleg på hausten 1963. Det var berre reisverk, tak og plater på veggene. Slik overvintra hytta, men enno stod mykje att.

    Glas og dørar vart laga på verkstaden til Johannes Boga, og på holkeføre om etterjulsvinteren «baska» til fjells. Uhandterlige isolasjonspakkar måtte same vegen. Kjøkkeninnreiing vart på dramatisk måte bore over Troppesertre/Galekletten. Seinare på året vart murstein til skorstein og brannmurar køyrt til Håvik og med stordugnad bore frå Kusmette opp Ospebotn til Breistølen.

    Mykje av innreiingsarbeidet tok Jan Vågen og Jan Boge seg av. Jan Boge murde og skorstein og brannmura. Det som var for lite av murstein og pussesand vart bore frå Hauge. Eit karstykke må kunna nemnast: Ovnane vart borne til fjells av Bjørn Terje Hauge åleine. Han var då berre 16 år. Bord og stolar var laga av Alfred Dalland.

    Eg trur ikkje at det vart samla inn pengar til bygginga, med basarar o.l. Utan oppfordring, var det personar som gav pengar. Idrettslaget tok og opp eit lite lån i Fusa Sparebank.

    Utover hausten 1964 var hytto noko brukt til overnatting. Men første offisielle overnatting var nyttårsafta 1964. Det skjedde med stor ståhei og lite søvn.

    Frå venstre: Leif Vik, Johannes Kvåle, Per Vik og Leif Magne Vik.

    Etter 50 år er hytto no i betre stand enn då ho var ny. Det skuldast eit svært godt vedlikehald. Mange har teke del det arbeidet. Men utan Jostein Dalland som organisator og pådrivar, er eg redd at hytto no kunne vore til nedfalls.

    Etterord ved Leif Vik

    Dette var ei fin tid, med samhald, vennskap og dugnad. Men ein ting er sikkert:

    Hadde det ikkje vore for Johannes Kvåle, som tok opptakten til hytta, arbeidde og var ein pådrivar i det meste, hadde nok ikkje Breisstølshytta blitt reist.

    Eg vil og nemna navnebror min, Leif Magne Vik, som gjorde ein stor innsats.

    Laurdag 28. juni 2014 vart det markert at Breistølshytta var blitt 50 år. Ved republisering av denne historia i 2024 var hytta var blitt 60 år.

  • Klart for Skjelavikfest!

    Klart for Skjelavikfest!

    Som takk for ALL dugnadsinnsats i året som har gått, vil Strandvik Bygdautval også i år med glede spandere ein familiefest i Skjelavikjo.

    Så laurdag 17. juni brakar det laus frå kl. 18:00. Her stiller Bygdautvalet med grill og musikk, så stiller dykk opp med god stemning, mat, drikke og gjerne noko å sitje på. Det erfarne bandet Hot Fuel kjem for å spele Rock’n’roll til seine kveldstimer.

    I år har ein heilt fantastisk gjeng gjort dugnad i vekene før festen. Her er det laga opplegg for straum både til scenen og til flotte lyspullertar langs vegen til Skjelavikjo. I tillegg held ein på med flott «gangveg» til scena.

    Alt dette er gjort mogleg av eit knipe bedrifter beståande av Medio Utleieservice, Fusa Elektro, Entreprenør Kurt Andersen, Strandvik Mjølk, Uniprotect, Strandvik Transport & Maskin og Leigland Bygg. I tillegg til fantastiske Bergen Omland Friluftsråd! Takk til Dykk!

    Vel møtt!

  • Strandviknissen inviterer til Kletten

    Strandviknissen inviterer til Kletten

    Søndag 4. desember kl 16:00 vil eg, Strandviknissen, igjen invitera alle i heile verden på Kletten til årets åpning av hytto mi.

    Detta gleda eg meg so mykje til. Eg gleda meg til å sjå alle dei blide fjesene som var der i fjor, og håpa det blir enno fleire i år, store som små.

    I år som årene før kan de møta opp frå klokka 16 på Kletten. Når alle er nøgd går me samla i fakkeltog ned gjennom skogen til handelslagsfjøra og tenner bål med alle faklane. Faklane kan de kjøpa hos mine gode hjelpara for 20 kroner.

    Ta med dykk hovudlykt eller anna lyskjelde då det også i år kjem te å bli tidleg mørkt og stien kan vera vanskeleg å sjå i mørkna. Ta også på dykk gode klede, fottøy og gjerne regnklede om meldingane ikkje e so bra. Vegen opp te Kletten kan vera litt blaut når da har regna. Te neste år håpar eg at me saman kan laga ein litt bedre veg opp te Kletten.

    Kanskje me saman kan skipa te dugnad i løpet av året, da hadde eg likt. Dugnad er eg stor ”fan” av, om eg skal sei det slik. Då treff ein kjekke folk som vil jobba saman mot same mål. Og so kjem ein seg ut av huset og får bevega seg litt. Når ein bevegar seg i leik, på trening eller på dugnad slepp ein laus noke som heiter endorfiner som er inne i kroppen. Desse endorfinene gjer kroppen og toppen gla. Så når ein beveger seg ofte blir ein oftare gla, og da e bra.

    Julelysene i huset mitt blir tend når me e klar for det. Desse ska lysa over Strandvik i heile desember og litt til.

    Eg har fått mange ynskjelister frå både unge og gamle. Ynskjelister e da kjekkaste eg får. Alle som vil kan leggja igjen ynskjelista si her oppe hos meg denne dagen, eller i luka mi resten av året. Eg er innom kletten av og til for å sjå om det er noko i postkassen min.

    Eg ynskjer alle i heile verda velkommen. Me sjåast på Kletten!

    Helsing Strandviknissen