Behov for fleire flyktningevener

Vil du vera flyktningeven? Eller er du alt besøksven for flyktningar i Fusa og treng eit nettverk med andre engasjerte fusingar?

Fusa har fått fleire nye innflyttarar med utanlandsk bakgrunn dei siste månadane som treng å koma i betre kontakt med oss og kulturen vår. Det blir invitert til temakveld for dei som ønskjer å vita meir om det å vera flyktningevener torsdag 11. mai kl 20.00 i Trivselstunet, bygget til Fusa vidaregåande skule.

Tema-kvelden er open for alle interesserte. Inviter gjerne med deg nokon. Flyktningetenesta vil greia ut om behova for frivillige. Dei vil dela erfaringar og opplevingar så langt, og gje gode tips.

Hjarteleg velkomen.