Som takk for ALL dugnadsinnsats i året som har gått, vil Strandvik Bygdautval også i år med glede spandere ein familiefest i Skjelavikjo.

Så laurdag 17. juni brakar det laus frå kl. 18:00. Her stiller Bygdautvalet med grill og musikk, så stiller dykk opp med god stemning, mat, drikke og gjerne noko å sitje på. Det erfarne bandet Hot Fuel kjem for å spele Rock’n’roll til seine kveldstimer.

I år har ein heilt fantastisk gjeng gjort dugnad i vekene før festen. Her er det laga opplegg for straum både til scenen og til flotte lyspullertar langs vegen til Skjelavikjo. I tillegg held ein på med flott “gangveg” til scena.

Alt dette er gjort mogleg av eit knipe bedrifter beståande av Medio Utleieservice, Fusa Elektro, Entreprenør Kurt Andersen, Strandvik Mjølk, Uniprotect, Strandvik Transport & Maskin og Leigland Bygg. I tillegg til fantastiske Bergen Omland Friluftsråd! Takk til Dykk!

Vel møtt!