Search results for: «dugnad»

  • Skjelavikfest i år òg!

    Skjelavikfest i år òg!

    Som takk for all dugnadsinnsats i året som har gått vil Strandvik Bygdautval også i år med glede spandere ein familiefest i Skjelavikjo.

    Så laurdag 25. juni frå kl. 18:00 stiller Bygdautvalet med grill og musikk, så stiller dykk opp med god stemning, mat, drikke og gjerne noko å sitje på.

    Det erfarne bandet Hot Fuel kjem for å spele Rock’n’roll til seine kveldstimer.

    Kl. 12:00 på laurdagen, altså før festen, inviterer Bygdautvalet til ein liten dugnad. Plattinga som vart bygd i fjor treng ein trapp, og det må draast ned ein straumkabel. Og kanskje nokre buskar treng trim?

    Vel møtt!

  • Årskavalkade 2015

    Årskavalkade 2015

    I løpet av 2015 har Strandvik hatt ein rivande utvikling. Mange nye hus er bygde, og mange nye strandvikingar er flytta til. Heile sentrum vert i desse dagar bygd om og utvida med både leilegheiter og butikk. Ei gledeleg utvikling!

    Nedturar har det dessverre også kome. Blant anna er det kome vedtak på å legge ned den offentlege skulen vår, skulen i bygda med desidert størst utvikling i heile kommunen. Korleis vedtaket skal gagna heile kommunen er vanskeleg å skjøna.

    No er det på tide med eit kjapt tilbakeblikk på kva som hende på Strandvikjo.no i 2015:

    Februar:
    I februar lanserte me eit nettbasert turkart.

    Mars:
    I mars vart «Ljospunktet», den lysande masta på Kletten, «tend».

    April:
    I april kunne me lese om Strandvik-jentene på NM i volleyball, feltstemne og dugnad.

    Mai:
    I mai vart det klart kven som skulle drifte Handelslaget vidare, og me arrangerte Strandvik Marknaden.

    Juni:
    I juni inviterte Bygdautvalet til både fyrstehjelpskurs og Skjelavikfest. Ein kunne teikne aksjar i Strandviktorget AS. Fusingar gjekk til topps på heimebane. Og juni vart avslutta med jonsok i Handelslagsfjæra.

    Juli:
    I juli forsvara Ronald Valvatne NM-gullet.

    August:
    I august kunne me lese om revansje på landskytarstemne, strålande innsats i NM, Vilde Hesvik Kartveit tok NM-gull i Skeet og eit ynskje om å skriva historia om Strandvikstafettens først tiår. I tillegg tok komikaren Hans Morten Hansen turen til bygda.

    September:
    I september kunne me lese om barn i bevegelse og glad mat. I tillegg kunne me sjå «The Movies and Nice Clips».

    Oktober:
    I oktober deltok Joker Strandvik på «Handle lokalt»-dagen.

    November:
    I november fekk Bo bronse. Warhuus gav ut boka «Barndomsminne frå Strandvik». Og Strandvik Transport og Maskin AS fekk kjempekontrakt.

    Desember:
    I desember fekk me kjekt gjensyn med Strandviknissen. Strandvik oppvekstsenter inviterte til musikal. Strandviking tappa Svegatjørn. Og Anders Mol fekk ungdomsstipend.

    Om redaksjonen skal ha eit ynskje for 2016, er det fleire bidrag frå lesarane våre! Strandvikjo.no driv seg ikkje sjølv, og det avgrensar seg kor mykje tid ein kan leggje i nettstaden på friviljug basis. Me ynskjer at du som lesar sender inn hendingar til kalenderen, tips til artiklar/nyhende og ikkje minst; legg gjerne igjen ein kommentar under artiklane. Dette vil lette arbeidet for oss. Kanskje startar kommentaren din ein større debatt kring aktuelle tema i bygda? Om du ynskjer å få publisert ein artikkel, nyhende, dikt, forteljing eller historie som du har skrive sjølv, ikkje nøl med å ta kontakt då heller!

    Me reknar med du følgjer oss i 2016 óg?

    Godt nytt år!

  • Farsdagsbasar i Grendahuset

    Farsdagsbasar i Grendahuset

    Søndag 8. november, på sjølvaste farsdagen, er det duka for basar i Grendahuset. Grendahusetlaget er arrangør, og lovar god stemning og flotte gevinstar.

    Cathrin Valestrand, leiar i Grendahuslaget, er full av gode ord om basaren, der Strandvik Blandakor vil underhalda, og det vert kafé med heimebakte kaker, bollar og vafler.

    – Både næringslivet i bygda og kommunen elles, dei andre laga og ei lang rekkje privatpersonar har stilt opp og bidrege med flotte gevinstar både til åresal og lotteriet på bok. Og mange er i sving og har lovd heimebakst til kaféen. Dette er med å byggjer opp under at strandvikarane har den beste dugnadsånda eg nokon gong har kome over, seier Cathrin.

    – Vi i styret har fått fantastisk god hjelp av nokre meir erfarne ringrevar innan basar-bransjen til å få dette til. Klara, Reidun, Bente og Bjørg ordnar og får ting til. Det er utruleg kjekt å ha nokon å spela på lag med når slike arrangement skal gå av stabelen, legg ho til.

    Økonomien i Grendahuset er ikkje slik den var då huset var ferdig og ein hadde pengar til overs på bok.

    – Veldig mykje av dei midlane grendahuset hadde etter bygginga er gått med til å realisera andre gode prosjekt i bygda. Båthamn og barnehage for å nemna noko.

    No står Grendahuset framfor ei omfattande oppgardering sjølve, med nytt kjøken, og energisparande tiltak. Noko som vil kosta mykje pengar, og mange timar med dugnadsarbeid.

    – I tillegg er vi nøydde til å henta inn driftsmidlar gjennom arrangement av forskjellig slag. Dette forsterka seg då barnehagen flytta ut og vi miste leigeinntektene vi hadde, og måtte til å betala alt av straum og kommunale gebyr sjølve. Dette har gjeve oss monaleg mindre økonomisk spelerom. Difor er det så utruleg viktig for oss og heile bygda at dei arrangementa som vi skipar til gjev mynt i kassen, i tillegg til at vi kan ha det kjekt ilag, seier ho engasjert.

    – Men for å ta eit arrangement om gongen, så e det søndag og basaren det gjeld no! Vi har så masse flotte premiar at det skal truleg godt gjerast å gå tomhendt ifrå Grendahuset på søndag, avsluttar Cathrin lattermildt.

  • Fantastiske Skjelavikjo

    Fantastiske Skjelavikjo

    Betre seint enn aldri vert det sagt; underteikna har brukt usedvanleg lang tid på å få ut dette innlegget og beklagar dette. Men no når det haustast kan me endeleg sjå tilbake på den strålande dagen me hadde laurdag 13. juni i Skjelavikjo, der det var både dugnad og fest.

    Dagen byrja med nokre timar dugnad, og for eit imponerande oppmøte det vart. Om det var dei få solskinstrålene etter alt regnvêret som lokka eller noko anna vitast ikkje, men her var folk flittig i sving med både traktorar og mindre reiskap.

    På dugnaden fekk me køyrd ned og lagt ut fleire tonn skjelsand og veggrus, i tillegg fekk me klypt og frisert tre og buskar, rigga til fest og bygd scene.

    Scena vart ein flott platting som vert verande permanent i Skjelavikjo til fritt bruk for solsleikande badegjestar.

    Seinare på dagen ynskja Strandvik Bygdautval velkomen til familiefest i Skjelavikjo. Som ein takk for dugnadsinnsatsen bygdafolket har lagt ned i året som var, fann ein her gratis grillmat og underhaldning til alle.

    Bandet «Last Hippies» spelte god gamal rockemusikk som kunne høyrast like til Baldersheim. Folk i alle aldra kosa seg og dansa ut i dei seine timar.

    Bygdautvalet vil gjerne takka Leigland Bygg, Strandvik Transport og Maskin, Medio Utleieservice og Bergen og Omland Friluftsråd hjarteleg for støtte til både dugnaden og festen.

    Her er nokre bilete:

  • Årskavalkade 2014

    Årskavalkade 2014

    Nok eit år tikkar mot slutten, og det er på tide med eit kjapt tilbakeblikk på kva som hende på Strandvikjo.no i 2014. 

    Januar:
    Den store hendinga på Strandvikjo.no i januar var at heile 3 ungdomar frå bygda gjekk vidare i Ungdommens Kulturmønstring.

    Februar:
    I februar arrangerte Strandvik Skyttarlag krinsstemne på 15 meter bane. På Handelslaget vart det arrangert krimkveld med kjende forfattarar. Magne Tuft mottok H.M. Kongens fortenestemedalje.

    Mars:
    I mars kom forfattar Bente Bratlund til bygda for å signere boka si «Fra livets minnebok».

    April:
    I april skjedde det mykje. Fyrst klinka Strandvikjo.no til med ein aprilspøk der leiketøyprodusenten LEGO skulle begynne å selje Strandvik kyrkje som byggjesett. Så synte Anni Bolstad og Vigdis Tholo von Ahnen kunstutstillinga si på Handelslaget. Bo Mathys gjekk heile vegen til Trondheim i Ungdomens Kulturmønstring. Bortimot seksti personar frå Fusa-halvøya deltok i internasjonal fest i Strandvik Grendahus. Åse Andersen og Nils Idar Henjum sparka i gong motorsyklane, og starta på «den lange vegen rundt». Så fekk me eit svært sterkt portrett-intervju med Lars Kristian Kvåle. Til slutt gav dugnadsdyd bygdefryd.

    Mai:
    I mai lanserte KeepFit nettbutikk med treningsklede, og bygda feira sjølvsagt nasjonaldagen.

    Juni:
    I juni vart det arrangert ein strålande marknad. Me fekk eit tilbakeblikk frå Breistølshytta. Det vart arrangert eit vellukka regionmeisterskap og NM i volleyball. Til slutt fekk me ein flott jonsok.

    Juli:
    I juli vart det tradisjonsrike Strandvikløpet og Strandvik Open halde. I tillegg vart Ronald Valvatne Noregsmeister.

    August:
    I august reiste Strandvik Skyttarlag til landsskyttarstemne i Sandnes.

    September:
    I september måtte me dessverre ta farvel med Bygdekvinnelaget. Grendahuslaget arrangerte ein av fleire vellykka bingoar.

    Oktober:
    I oktober vart det halde minnekonsert for Jon Jelmert. I tillegg kunne me lesa om at murar er inga hindring.

    November:
    I november vart det litterær heilaften av det kriminelle slaget i Grendahuset.

    Desember:
    I desember var det julemarknad i Grendahuset. På Kletten møtte me Strandviknissen. Så fekk me ein julesong med lokal vri. Bygdautvalet plasserte ut flotte steinbord- og benkar. Til slutt fekk me sjå revyen Strandvikjo Goes West.

    Gjennomsnittleg har me hatt heile 2450 unike besøkande innom nettstaden kvar månad dette året, ei auke på ca. 31% frå i fjor. Me har óg fått 621 personar som likar oss på Andletebokjo, ei auke på ca. 37% frå i fjor.

    Om redaksjonen skal ha eit ynskje for 2015, er det fleire bidrag frå lesarane våre! Strandvikjo.no driv seg ikkje sjølv, og det begrensar seg kor mykje tid ein kan leggje i nettstaden på friviljug basis. Me ynskjer at du som lesar sender inn hendingar til kalenderen, tips til artiklar/nyhende og ikkje minst; legg gjerne igjen ein kommentar under artiklane. Dette vil lette arbeidet for oss. Kanskje startar kommentaren din ein større debatt kring aktuelle tema i bygda? Om du ynskjer å få publisert ein artikkel, nyhende, dikt, forteljing eller historie som du har skrive sjølv, ikkje nøl med å ta kontakt då heller!

    Me reknar med du følgjer oss i 2015 óg?

    Godt nytt år!

  • Flotte steinbord og -benker

    Flotte steinbord og -benker

    Bygdautvalet har jobba ei stund med å skaffe steinbord og -benker til bygda. Etter ein formidabel dugnadsinnsats laurdag 13. desember kan dette arbeidet endeleg kryssast av som vel utførd.

    Målet med tiltaket er å skape møteplassar for folk. Nokre midt i sentrum, og nokre for å invitere til å gå tur i bygda. 

    Det er plassert ut fire sett beståande av eit bord og to benker, og fire enkle benker. Setta med bord er sett opp i Jordmorsvingen, Refsfjøra og to stk. i Skjelavikjo. Dei enkle benkane er sett opp i Vik (på vegen opp mot Stølen), på toppen av Legland (der asfalten sluttar) og to stk. på gamle postvegen (ved stien frå Nyland). 

    Leiar i Bygdautvalet, Linn-Cecilie Johansen Romundset, vil særskild takke Gjensidigestiftelsen for deira økonomiske bidrag til dette flotte prosjektet.

  • Håper på ny suksess for julemarknad

    Håper på ny suksess for julemarknad

    Sundag 7. desember kl. 13:00 går startskotet for årets julemarknad i Grendahuset. Forhåpentlegvis ei gjentaking av fjorårets suksess.

    Me tok ein prat med Cathrin Valestrand. Ho har med seg Katrine Jordalen og Ingunn Kristiansen, og det er deses jentene som står bak julemarknaden. Dei arrangerte marknaden for fyrste gong i fjor. Og gledeleg nok har utstillarane stått i kø i år som i fjor. Veldig mange av dei som var med i fjor kjem att i år, i tillegg til fleire nye, kan dei fortelje.

    I tillegg til alle utstillarane vert det kafé. Her kan ein kvila litt undervegs i shoppingrunden, få seg litt næring i kroppen og slå av ein prat.

    Cathrin seier at veldig mange trur julemarknaden er i regi av Grendahuslaget, noko ho poengterer at den ikkje er.

    «Vi er berre tre «julete» venninner som ynskjer å kunne gå på marknad i bygda vår. Då måtte vi rett og slett arrangera det sjølve! Vi gjer ei vurdering kvart år på kven som skal få nyta godt av overskotet. I år (som i fjor) har vi valgt å gje pengane til Grendahuslaget, og øyremerka dei til den sårt trengde oppussinga.»

    Mange gode krefter

    I fjor var dei fem, og i år berre tre venninner bak marknaden. Dei legg ikkje skjul på at det ligg mange dugnadstimar bak eit slik arrangement.

    «Vi lærte mykje i fjor, for det var første gongen nokon av oss var borti å arrangera denne typen arrangement. I år har vi strukturert oss mykje meir effektivt, og «pulverisert» noko av ansvaret for å få lokka med fleire medhjelparar på lotteridelen. Vi er heldige som bur i ei bygd med mange gode hjelparar, og ikkje minst god dugnadsånd.»

    Stor gjevarglede

    Både lokalt næringsliv og ei lang rekkje privatpersonar har donert gevinstar til lotteriet.

    «Eg tykkjer det er fantastisk, og nesten litt overveldande å sjå kor folk i bygda støttar opp om dette som i bunn og grunn er eit privat initiativ.»

    «No håpar vi berre at det kjem mykje folk på marknaden også i år. Mykje folk og god stemning er avgjerande for motivasjonen. Tilbakemeldingane i fjor var i alle fall mykje av drivkrafta for min del for å gå på igjen i år.» 

    Nissen kjem – kjem du?

    Julemarknad 2013 (2)«Ryktene seier at nissen har lagt inn julemarknaden på kalenderen sin slik at han også i år tek turen innom. Berre det i seg sølv er nesten grunn god nok til å bruka søndag ettermiddag i Grendahuset. I fjor gjekk mange besøkjande tom for pengar. Oppfordringa i år er å ta med meir pengar, og bankkortet også! Er du ikkje ferdig med julehandelen kan du koma eit godt stykke lenger ned på lista på ein ettermiddag på marknad. Her er noko for dei aller fleste.»

    Strandvikjo.no ynskjer jentene lykke til med marknaden, og håpar så mange av våre lesarar som mogleg tek turen til Grendahuset sundag. 7. desember.

  • Breistølshytta i Fusafjedle

    Breistølshytta i Fusafjedle

    Eit tilbakeblikk ved Johannes Kvåle.

    Eg er beden om å skriva eit notat om oppstarten og bygging av Strandvik Idrettslag si hytte på Breistølen i Fusafjedle. Svært mange tok del i dugnadsarbeidet, dei fleste utan noko godtgjersla. Dersom eg skulle nemna namn, vil det lett bli nokon som gjorde stor innsats, og ikkje er blitt hugsa på. Men utan å gjera nokon urett må eg ta fram Per Vik og Leif Vik. Per Vik serleg i oppstarten, og Leif Vik både i oppstarten og gjennomføringa. Det er for det meste opplysningar frå desse to og det eg har notert og hugsar sjølv, eg byggjer på i det fylgjande.

    På femtitalet var Fusafjedle svært mykje nytta i tursamanheng både sumar og vinter. Kva tid og kven som først tok opp spørsmålet om å få bygd ei hytte veit eg ikkje, men eg hugsar at me først såg på ein plass opp mot Storahorjo. Men det vart snart klart at plassen skulle vera der Haugs-og Leglandssela stod. Leglandsselet var det då lite att av. Haugsselet sto framleis, men var i svæt dårleg stand. Me tok opp spørmålet med Stein Hauge, som då var formann i fjellstyret. Han laga eit skriv som me var rundt til alle grunneigarane for å få underskrift. Per og Leif tok for seg dei i Bersbygdo, og Per og eg dei på Fusa. Alle skreiv under med unnatak av ein, men det valde me å sjå bort frå.

    Frå venstre: Bjarte Kvåle, Leif Vik, Odd Harald Kvåle, Johannes Kvåle, Terje Tveit, Torleif Bakke, Gunnar Kvåle, Per Kristian Vik, Bjørn Terje Hauge, Kjell Henrik Vestvik, Per Vik, Olav Einar Kvåle og Tor Vik.Frå venstre: Bjarte Kvåle, Leif Vik, Odd Harald Kvåle, Johannes Kvåle, Terje Tveit, Torleif Bakke, Gunnar Kvåle, Per Kristian Vik, Bjørn Terje Hauge, Kjell Henrik Vestvik, Per Vik, Olav Einar Kvåle og Tor Vik. (Trykk på bileta for å forstørre dei.)

    Frå venstre: Leif Vik, Johannes Kvåle, Per Vik og Leif Magne Vik.
    Frå venstre: Leif Vik, Johannes Kvåle, Per Vik og Leif Magne Vik.

    «Teikningar» til hytta var diskutert, og var ikkje meir detaljert enn eit «romprogram» og fastsetjing av utvendig størrelse. Ein kan vel kalla det for ei skisse. Dette var nok eit samarbeid, og om nokon hadde hovedansvaret, veit eg ikkje. Me fekk løyve hos Anders Legland, som eigde skogen, å hogga det me trong til hytto. Vinteren 1963 vart det hogge, barka og drege fram rundtømmer nok til bjelkar og sperr. Stokkane vart øksa beine, etter snor og kritstrek. Det var mykje snø denne vinteren, så det var litt av eit slit å få tømmeret på plass. Me fekk greie på at det skulle hoggast tømmer i Kjørkjeteigen (kommunal eigedom). Kvelden før kommunestyret var me oppe til kommunestyremedlem Hans H. Tuft. Han skreiv ein søknad frå idrettslaget for oss. Den la han fram for ordføraren (Stein Hauge) dagen etter. Eg siterar frå møteboka 22. oktober 1962:

    «Det føre-låg eit brev frå Strandvik Idrettslag. Samrøystes vedtak: Det vert å lysa ut tilbod på den utblinka granskogen på kommunegarden. Strandvik Idrettslag får hogga ca. 30 m3 av den skogen i Kyrkjeteigen som heradskogmeistaren meinar bør hoggast. Skogreisingsleiaren blinkar ut. Det er ein føresetnad at idretteslaget ryddar opp etter seg.»

    Leif Vik og Bjarte Kvåle
    Leif Vik og Bjarte Kvåle

    Det var Tor Stensletten som var skogreisingsleiar, og han var nok romsleg når han blinka ut for oss. I kommustyrevedtaket står det granskog, men det var fureskog som stod i Kjørkjeteigen. Tanken med tømmerhogsten var at her kunne me nytta mykje dugnad og skaffa oss billig den trematerial som trongst. Ein baktanke var nok og at det tømmer som var for mykje kunne seljast. Både tanken og baktanken slo til for fullt. Det var stordugnad i Kjørkjeteigen rundt årsskiftet 62 – 63. Motorsag var brukt til felling og litt kvisting, men elles var det «handamakt» til kvisting, barking og draging ned til vegen. Takka vere romsleg blinking vart det mykje til overs. Dette kjøpte Magnus Skåtun, etter at me var med og klargjorde for fløting frå Vågen. Det som trongst til hytta vart transportert til Erling Dalland si sag i Storasundet. Og noko til Einar Vik si sag ved Vike-elva. Etter oppsetting og tørking ved Storasundet, vart det som skulle brukast innvendig i hytta frakta til Heggland på Os for høvling og pløying. Transport begge veier var med mjølkebilen, sjåfør Anders Vik.

    Grunnarbeidet vart utført sumaren 1963. Som før nemnt var Haugsselet i dårleg stand, men ikkje verre enn at det var brukande til overnattingsplass. Hos Torbjørn Tombre (dampskipsekspeditøren) fekk me låna ein presenning, og hadde såleis tett tak og ei brukbar «arbeidsbarakka». Me hadde hestar med oss, som vart brukte Breistølshytta (2) til kløvjing og trekkraft for ein provisorisk slede som vart laga på plassen. Stein fann me for det meste i Setraelvo. Støypesand vart samla opp frå bekkjer like ut frå Svingar. Sement og diverse anna kløvja frå Hauge. Arbeidet gjekk med liv og lyst, men ikkje heilt utan dramatikk. Leif Vik fekk krast stortåa si av den største steinen i grunnmuren. Leif måtte fraktast til bygda på hesteryggen. Arbeidsfolk trong mykje mat. Eit par av dei yngste gutane vart sende til bygdars for proviantering. Dei kom oppatt med mat, og hadde med seg eit fylgje av 7 – 8 jenter. Men etter at jentene hadde ete seg godt mette, for dei heimatt. Det lika dugnadsgjengen lite. Det vart difor einstemmig bestemt at det skulle straffast med dansestreik, og ei tid frametter vart Strandvikajentene «veggpryd» på dansane.

    Om det heile tida var ein føresetnad at det skulle nyttast helikoptertransport veit eg ikkje. Det var kanskje pengar frå salg av tømmer frå Kjørkjeteigen som gjore dette mogeleg. I alle høve vart helikopter hyrt inn på ettersumaren 1963. Avtala pris var kr 900,- pr. time. Kvart hiv skulle vera 250 kg. Alt var pakka og klart ved løa til Einar Håvik, men det varde og rakk før helikopteret kom. Men omsider kom transporten i gang. Alt gjekk greit, bortsett frå ueinigheit om timar som var ført opp på rekninga. Etter litt om og men oppnådde me ein betydeleg reduksjon. Hytta var reist tidleg på hausten 1963. Det var berre reisverk, tak og plater på veggene. Slik overvintra hytta, men enno stod mykje att.

    Breistølshytta (8)

    Leif Vik og Leif Magne Vik
    Leif Vik og Leif Magne Vik

    Glas og dørar vart laga på verkstaden til Johannes Boga, og på holkeføre om etterjulsvinteren «baska» til fjells. Uhandterlige isolasjonspakkar måtte same vegen. Kjøkkeninnreiing vart på dramatisk måte bore over Troppesertre/Galekletten. Seinare på året vart murstein til skorstein og brannmurar køyrt til Håvik og med stordugnad bore frå Kusmette opp Ospebotn til Breistølen. Mykje av innreiingsarbeidet tok Jan Vågen og Jan Boge seg av. Jan Boge murde og skorstein og brannmura. Det som var for lite av murstein og pussesand vart bore frå Hauge. Eit karstykke må kunna nemnast: Ovnane vart borne til fjells av Bjørn Terje Hauge åleine. Han var då berre 16 år. Bord og stolar var laga av Alfred Dalland. Eg trur ikkje at det vart samla inn pengar til bygginga, med basarar o.l. Utan oppfordring, var det personar som gav pengar. Idrettslaget tok og opp eit lite lån i Fusa Sparebank.

    Frå venstre: Reidar Helvik, Øyvind Kvåle, Leif Magne Vik, Leif Vik og Olav Vik.
    Frå venstre: Reidar Helvik, Øyvind Kvåle, Leif Magne Vik, Leif Vik og Olav Vik.

     

     

    Utover hausten 1964 var hytto noko brukt til overnatting. Men første offisielle overnatting var nyttårsafta 1964. Det skjedde med stor ståhei og lite søvn. Etter 50 år er hytto no i betre stand enn då ho var ny. Det skuldast eit svært godt vedlikehald. Mange har teke del det arbeidet. Men utan Jostein Dalland som organisator og pådrivar, er eg redd at hytto no kunne vore til nedfalls.

    Etterord ved Leif Vik.

    Dette var ei fin tid, med samhald, vennskap og dugnad.

    Men ein ting er sikkert: Hadde det ikkje vore for Johannes Kvåle, som tok opptakten til hytta, arbeidde og var ein pådrivar i det meste, hadde nok ikkje Breisstølshytta blitt reist. Eg vil og nemna navnebror min, Leif Magne Vik, som gjorde ein stor innsats.

    Jubileum

    Laurdag 28. juni 2014 vert det markert at Breistølshytta er 50 år. Me samlast ved hytta til kl. 17:00. Det vert konkurransar, allsong og grilling – ta med grillmat og tilbehøyr (papptallerkar og plastbestikk er det på hytta). Det vert også servering av saft og nykokt kaffi, og sjølvsagt bål-kos. Har du gamle bilete så ta dei gjerne med. Gode historiar frå byggjeperioden, og tida omkring, takast imot med takk. Hytta har begrensa sengeplassar, så ta med telt dersom du vil overnatta. 

    Alle er velkomne!

  • Årskavalkade 2013

    Årskavalkade 2013

    For mange av innbyggjarane i Strandvik har 2013 våre eit år prega av tragiske hendingar. Kyrkja har sjeldan våre nytta så ofte til gravferd som dette året.

    Når me no endeleg kan setje ein strek over 2013 må det seiast at tid ikkje leger alle sår, ein lærer berre å leva med dei. Eit verktøy for å leve med såra er gode minner, og gode minner frå bygda er det Strandvikjo.no fokuserer på i denne årskavalkaden for 2013.

    Januar:
    I fyrste helga i året arrangerte Strandvik Skyttarlag samling for skyttarane sine. Litt seinare i månaden kunne me opna eiga skeisebane i bygda. Strandvik er ein internasjonal bygd med innbyggjarar frå mange stadar i verda, og på slutten av månaden vart det skipa til internasjonal fest.

    Februar:
    Det skjedde ikkje så mykje på Strandvikjo.no i februar. Men filmregissøren Sverre Nistad Kvamme laga eit nært og personleg intervju av naboen sin, Knut Tveit.

    Mars:
    I mars vart arbeidet med eiga sentrumsplan for bygda påbyrja. Seinare i månaden fekk varaordføraren æra av å kunne opna Strandvik Skyttarlag si nye innandørs skytebane.

    April:
    I april skreiv me om stor byggjeaktivitet i Strandli-feltet. Litt seinare i månaden vart det skipa til nok ein vel utførd dugnad. I april fekk me også eit tilbakeblikk frå tidligare tider, nemleg når det vart produsert hermetikk i Strandvik.

    Mai:
    I byrjinga av mai kunne Strandvik Nye Barnehage invitera til gratis kurs i sparkling. Og så kunne me sjølvsagt sjå bileta frå endå ein fin nasjonaldag i den vakre bygda vår.

    Juni:
    Juni vart ein innhaldsrik månad. Strandvik Marknaden vart vel overstått, Strandvik oppvekstsenter arrangerte showet «Strandvik sine talent», ein artig kar dukka opp og det vart ein vellykka Jonsokaftan/Sankthansaftan (kva namn vert eigentleg nytta i strandvikamålet?).

    Juli:
    I juli vart det arrangert eit framifrå Strandvikløp, ein motor hamna i havsnaud, me fekk eit gjensyn med revyen som vart halde vinterhalvåret 2012 og «Fusavideoen» fekk passet sitt påskrive.

    August:
    I august kunne med lese om David Hadley som kom frå Australia med kjærleik og sykkel, vaflar som redda rumlande mage og ein rapport frå Strandvik Skyttarlag si tur til Landsskyttarstemnet. I tillegg vart det halde norskkurs i bygda.

    September:
    I september inviterte Fusa Bondelag og Strandvik Mjølk til «Open gard» hjå fellesfjøset til Strandvik Mjølk. Seinare kunne me lese om bautasteinen ved Strandvik kyrkje som står til minne om menn frå Strandvik herad som mista livet under andre verdskrigen.

    Oktober:
    I oktober vart det arrangert lefsekurs og den ferdige sentrumsplanen vart presentert.

    November:
    I november opna ordføraren Strandvik Nye Barnehage, Strandvik Skyttarlag arrangerte lagstemne, det var klart for å arrangere bygda si fyrste julemarknad, 1. – 4. trinn ved Strandvik oppvekstsenter vart med i den nasjonale konkurransen ”Telysjakten” og trong hjelpa di og så avslutta me månaden med å skrive om den unge og talentfulle fotografen Bo Matheys.

    Desember:
    I årets siste månad la bygdautvalet fram sitt forslag til innspel til kommunen si arealplan.

    Dette året har me også kunne lese om 8 sambygdingar i «Folk og fe»-spalta. Me har vert gjennom 76 hendingar i kalenderen. Gjennomsnittleg har me har hatt heile 1865 unike besøkande innom nettstaden kvar månad. Og me har 451 personar som likar oss på Andletebokjo.

    Om redaksjonen skal ha eit ynskje for 2014, er det meir bidrag frå lesarane våre! Strandvikjo.no driv seg ikkje sjølv, og det begrensar seg kor mykje tid ein kan leggje i nettstaden på friviljug basis. Me ynskjer at DU som lesar sender inn hendingar til kalenderen, plakatar til oppslagstavla, tips til artiklar/nyhende og ikkje minst legg igjen ein kommentar under artiklane. Dette vil lette arbeidet for oss. Og kanskje kommentaren din startar ein større debatt kring aktuelle tema i bygda? Om du ynskjer å få publisert ein artikkel, nyhende, dikt, forteljing eller historie som du har skrevet sjølv, ikkje nøl med å ta kontakt då heller!

    Strandvikjo.no har nesten tredobla talet på lesarar sidan 2012, og redaksjonen ser seg særs nøgd med dette. Me reknar med du følgjer oss i 2014 òg?

     

    Godt nytt år!

  • Opning av Strandvik Nye Barnehage

    Opning av Strandvik Nye Barnehage

    Fredag 25. oktober 2013 går inn i historia som ein fantastisk dag for Strandvik oppvekstsenter. Endeleg vart Strandvik Nye Barnehage offisielt opna, og draumen om å samla barnehage og skule under same tak ein realitet.

    Barnehagen har allereie helde hus i det nye bygget sidan midten av september, til stor glede for store og små. Men det var ikkje før denne haustdagen styreleiar i Strandvik Nye Barnehage, og ein sentral aktør i arbeidet for å få dette til, Svein Lang, ønskja alle hjarteleg velkomne til opninga. Lang fortalde om prosessen fram til ferdigstilling av bygget og gav ros til blant anna Strandvik sanitetsforeining, ordføraren og ikkje minst alle eldsjelene som har delteke på dugnad.

    Ordførar Hans S. Vindenes stod for den høgtideleg snorklyppinga. Han sa blant anna at dette er ein vinn-vinn situasjon for kommunen vår. Ordføraren overekte også eit måleri av Bente Dankertsen som gåve frå Fusa kommune.

    Du kan lese meir om denne hendinga på nettstaden til Strandvik oppvekstsenter ved å trykkje her.