Search results for: «dugnad»

  • Sankthansaftan

    Sankthansaftan

    Bygda ynskjer alle velkomen til ei storvegs Sankthansaftan med sjølvskriven bål-brenning på programmet, dette og meir kl. 18 i den fine Handelslagsfjæra. 

    Ein liten gjeng skipa til dugnad med eit imponerande verktysett beståande av traktor, lastebil og hjullastar for å få bålet ferdig til kveldinga set inn. 

    Ta gjerne med grillmat og noko å sitja på. Det vert òg mogleg å kjøpa grillmat på Handelslaget, og det vert også framsyning av kvelden si Brann-kamp på storskjerm i det nemnde etablissementet.

  • Vel overstått marknad

    Vel overstått marknad

    Laurdag 1. juni vart det for andre gong på rad arrangert den årlege marknaden i bygda. Fjorårets marknad var ein suksess med mykje folk og strålande vêr. I år var det diverre også marknad i Fjord’n Senter i Eikelandsosen samstundes. Dessutan var det regn i lufta og små-kaldt. No trur du kanskje det går nedover herifrå, men eg prøver berre å byggje opp litt spenning, for marknaden i år slo faktisk alle rekordar!

    Det byrja allereie fredagen då idrettsbana vart fyld av både lang- og kortvegsfarande campingbilar. Nokre av desse kom frå Halsnøy Caravanklubb, nokre frå Bergen og andre faktisk frå andre bygder i Fusa. Sidan underteikna bl.a. var «ansvarleg for parkering» denne dagen, kom det nokre nervøse tankar då svingen på Kvålshaugen vart runda. Det som var tenkt til ein stor og fin parkeringsplass var omgjort til ein campingplass med 16 «husvogner» i ulik storleik og utsjånad.

    Då marknadsdagen rann, vart dei nervøse tankane gjort til skamme. Campinggjestane oppførde seg eksemplariske og lagde god stemning. Joker Strandvik inviterte til frukost medan bilane byrja å straume til. Særs samarbeidsviljuge sjåførar førte til at alle fekk plass. Lars Johannes Dalland, Hans Willy Tuft og John Einar Vik hadde førebudd frukosten. Dei hadde mellom anna ordna med eit stort utval av pålegg. Nytt av året var eit snev av engelske tendensar i form av bønner i tomatsaus, speilegg og pølser. Store og små kosa seg saman, og praten gjekk livleg, gjerne på tvers av generasjonar og kommunegrenser. Det er reint imponerande at gjengen klarde å metta heile 300 personar.

    Kl. 12 vart det offisiell opning. Her fekk me song av dyktige damer i koret «Tungpusten». Deretter overtok den talentfulle Natasja Smørholm, som nyleg gjekk vidare til fylkesmønstringa i UKM. Ho vart akkompagnert på gitar av Magnus Tuft Soltvedt og Arne Johan Hesvik Kartveit. Så vart tre av bygdas forfattarar og deira bøker samla kring eit bord. Her fann me Fredrik Schmidt Fotland med boka «Agenten», Johan Warhuus med «Då krigen kom til Strandvik» og Ingvar Nistad Kvamme med diktsamlinga «Eg les denne steinen». Fredrik Schmidt Fotland leia fyrst ein spørjerunde om kvarandre sine bøker, og så las dei nokre utdrag frå bøkene sine.

    Kl. 13 var det tid for å dela ut årets bygdapris. Ein intetanende Peter-Hans de Zwarte vart lurt ut på scenen for å hjelpe Tone Andreassen Vik med å overrekkje blomar til prisvinnaren: han sjølv. Stort var sjokket då han uforberedt stod der i arbeidskleda etter å ha våre på feilretting for Fusa Kraftlag etter eit lynnedslag. «Det var ikkje vanskeleg å finna grunngjevingar for at nettopp Peter-Hans skulle få årets pris», seier nemda. «På tross av sin unge alder har han eit stort engasjement for bygda og seier aldri nei når han vert spurt. Han er primus motor for heimesida me er så stolte av, og han har arrangert fleire datatreff (LAN-party) for ungdommar i heile Fusa. Peter-Hans sit ikkje og ventar på at ting skal skje, han får ting til å skje!»*

    Utover heile dagen var det mogleg å besøkje dei forskjellege salsbodene. Her fann me mykje mat som laks, rømmegraut, rauddravle, cupcakes, filipinske rettar og belgisk sjokolade. Vidare var det sal av ATV, måleri og kunst, utstoppa dyr, piletre, kosmetikk, keramikk, litteratur, kjøkkenklutar, Tupperware, ja her fann ein til og med eit loppemarknad. Før dagen var omme var mange av salsbodene allereie utseld.

    Av aktivitetar under marknaden kunne ein her prøve seg på ponniridning, borna kunne få ansiktsmåling, kyrkja var open for besøk, det vart kunstutstilling (og sal) i Galleri Rosenlund og som i fjor fann ein her det svært populære «Hønsadritabingo».

    Marknadsdagen vart avslutta med ein liten konsert i kyrkja. Tor Odin Milde, Natasja Smørholm, Sverre Vindenes, Maria og Fride Anda Vangen bidrog alle til at dette vart ei utruleg vakker stund. No kunne folk mett, glad og fornøgd ta seg ein tur heim eller til campingbilen, slappe av litt og gjera seg klar for rekebuffet og dans på Handelslaget.

    Mykje godt dugnadsarbeid vart lagt ned i denne marknaden, og mykje folk var med på dette arbeidet. Men særskild eldsjelene Mona Tveit Dalland, Martha Kristin Tuft Soltvedt og LivOGLyst-general Tone Andreassen Vik må nemnast. Det er dei som er hovudkreftene bak at nær 350 personar fann vegen til Strandvik denne dagen.

    Klarar me den vanskelege oppgåva med å toppa denne marknaden til neste år?
    Det er vel kanskje eit dumt spørsmål, for kva klarar me ikkje i Strandvik?

    (Skriv gjerne kva du synest om årets marknad, og kva du ynskjer til neste års marknad ved å leggje att ein kommentar nederst på sida ↓ .)

    Her kjem eit lite galleri med bilete som Linda Haugland Vik har teke på marknaden:

    *Den observante lesar kan observere at namnet på bygdaprisvinnaren samsvarar mistenkjeleg med namnet på underteikna artikkelforfattar. Artikkelforfattaren vil gjerne meddele at dette avsnittet vart skreve av Tone Andreasen Vik, og det dermed ikkje er noko sjølvskryt frå hans eige hovud!

  • Folk og fe: Arve Skåtun

    Folk og fe: Arve Skåtun

    Arve

     

    • Namn:
      Arve Skåtun
    • Årgang:
      1966
    • Yrke:
      Arbeidsleder i mask.verksted Frank Mohn Fusa A/S
    • Kjem frå:
      Vinnes, eller rettare sagt Skòte (tullar ikkje med slikt!)
    • Kva gjer du på fritio:
      Då driv eg litt med musikk, syklar ein del, jaktar hjort om hausten, kjører dotter mi og hesten hennar på stevne, i tillegg til å springa rundt og jobba dugnad, siste året mest for hestesportlaget.
    • Det beste med Strandvikjo:
      Ei særs inkluderande bygd med mange ressurspersonar som saman klarer det meste! I tillegg til den fantastiske naturen!!!!
    • Kva gler du deg til?:
      Sommar, og til veiarbeidet startar (og blir ferdig) i Skjørsandsmarkjo!

    I «folk og fe» neste gong: 
    Roger Bjerkan

    Kva er «Folk og fe»?

    Eldre «Folk og fe»

  • Årsmelding for Strandvik Bygdautval (2012)

    Årsmelding for Strandvik Bygdautval (2012)

    Årsmøte for Strandvik Bygdautval vart halde torsdag 21. mars 2013. Her kan du lesa årsmeldinga deira.

    Møteverksemd

    Etter årsmøtet 11. mars 2012 hadde bygdautvalet sitt fyrst møte 21. mars, og har i alt hatt 5 møter sidan årsmøtet. Representantar frå bygdautvalet har også stilt på fire fellesmøter for lag og organisasjonar i Strandvik, på formannskapsmøte og møte på Holdhus i forbinding med forslag om endring av skulestrukturen. Det har også blitt arrangert eit bygdamøte i samarbeid med FAU om skolestruktursaka som har våre til politisk behandling i kommunestyret, og i den forbindinga har det blitt sendt ei høyringsuttalelse til kommunen på bakgrunn av bygdamøtet. På bygdamøtet kom det klart fram at folk meinte at det var svært viktig for borna sin skulekvardag og for bygda si framtid at ein fekk behalde skulen.

    Fellesdugnad på våren

    På fellesmøtet for lag og organisasjonar var bygdautvalet med på å planleggje ein felles dugnaden på våren, og denne dugnaden erstatta dei vanlege dugnadane som bygdautvalet, barnehagen og skulen plar å kalla inn til. Denne fellesdugnaden fungerte svært bra, ein fekk gjort mykje for det var mange folk som bidrog på dugnaden. Dette satsar me på å fortsetje med. Bygdautvalet ble spurd om ein saman med Strandvik Grendahuslag og idrettslaget kunne ha ein ordning der ein kunne betala nokon for å gå over området ved Grendahuset, idrettsplassen og parkeringsplassen ved elva med ein kantklyppar i forkant av Strandvik-løpet. Dette blei diskutert på eit møte og me kom fram til at dette var ein god ordning.

    Deltaking på Strandvik-marknaden

    I juni stilte bygdautvalet med ein stand på marknaden i Strandvik. Der hadde ein med bilete frå Strandvik, informasjon om ulike lag og organisasjonar i Strandvik, informasjon om bygdautvalet og ein oversikt over ledige tomtar i Strandvik.

    Registrering i Brønnøysundregisteret

    På grunn av krav om organisasjonsnummer i forbinding med at laget har bankkonto, har bygdautvalet registrert organisasjonen i Brønnøysundregisteret.

    Søknad om økonomisk stønad til innkjøp av PA-anlegg

    Ein har søkt Fusa kraftlag om 12 000 kroner til PA-anlegg og nye blomster-urner. PA-anlegg (forkorting av det engelske «Public Address») er ein betegnelse for store lydanlegg, kvar lyden skal nå ut til mange menneskjer. PA-anlegget skal brukast ute på eksempelvis 17. mai, sommar-avslutninga for skulen og Strandvik-marknaden. Det som har vert brukt fram til no er ikkje kraftig nok, og det er ofte vanskeleg å høyre kva som blir sagt for dei som ikkje står nærme høgtalaren. Me fekk 10 000 i stønad av Fusa kraftlag som brukast til å kjøpe dette PA-anlegget.

    LivOGLyst

    Bygdautvalet har tidlegare jobba med søknadane om midlar frå LivOGLyst-prosjektet til Hordaland fylkeskommune. Det er no Tone Andreassen Vik som leiar arbeidet med LivOGLyst-prosjektet i Strandvik, men representantar frå Bygdautvalet har vert med på eit seminar i Bergen og eit møte i Strandvik vedrørande LivOGLyst-prosjektet.

    Åsta Vindenes
    Leiar for Strandvik Bygdautval 2012/2013

    (Bilete av Sverre Nistad Kvamme)

  • Ny innandørs skytebane

    Ny innandørs skytebane

    Sundag 17. februar var det opning av den nye skytebana til Strandvik Skyttarlag. Med god planleggjing frå Leigland Bygg, og ein ivrig og standheftig dugnadsgjeng, vart det ein flott skytebane. Nok ein gong på eit loft.

    No går verkeleg skyttarane i Strandvik Skyttarlag ein ny vår i møte. I dei hine hårde dagar holdt skyttarane til både i det gamle ungdomshuset, og i bomberommet på skulen. Når Grendahuset sto ferdig, fekk skyttarane plass på lofter der. I Grendahuset vart det skutt med luftgevær. Ladinga på desse geværa var svært tungt for dei yngste, og dessutan heilt ulikt det som ein nyttar i DFS. No kan skyttarane nytta sine eigne våpen og trena på samme program som dei skyt på stemner rundt om i det vidstrakte fylket vårt.

    Dagen starta sjølvsagt på loftet, inne på sjølve skytebana. Her skulle det klyppast snor, og for ei snor! Til denne høgtidsfesten var sponsorar, skyttarvener frå andre lag og medlem frå skyttarorganisasjonar i fylket invitert. Varaordførar Atle Kvåle opna skytebana og overrekte laget ei generøs gåve, i Fusisk målestokk, frå Fusa kommune.

    Desse fekk, ilag med bygdafolk, foreldre og forhåpentlegvis nokre nye skyttarar sjå «live» skyting i trygg avstand frå skytebana. I varmestova kan ein sjå kvart einaste skot som vert avfyrt via PC på loftet, ned til videokanon og ut på lerret. Det var nok eit par lokale skyttarar som håpa på å slå vår alltid like entusiastiske og gode skyteinstruktør Paul Haugen. Det lukkast ikkje denne dagen heller, men dei pustar han i nakken!

    Dei frammøtte fekk forutan kake, kaffi og brus, høyra ein høgtidsstemt formann takka sponsorar for støtte og alle som har bidrege med dugnad. Strandvik Skyttarlag har sanneleg fått det flott, gratulerar!

  • Årskavalkade 2012

    Årskavalkade 2012

    Det var i slutten av mars me erklærte Strandvik inn i data-alderen ved å lansere oss sjølve på den verdsvide veven.

    Hensikten var å formidle informasjon, nyhende og diskusjon kring Strandvik for innbyggjarane, hyttefolk og andre interesserte. Her følgjer eit samandrag av artiklar og nyhende frå nettstadens fyrste år.

    Mars:
    I tillegg til ein introduksjonsartikkel kunne me innvie fyrste månaden vår med eit referatet frå årets 17. mai møte.

    April:
    I april kunne me melda at den fantastiske sanitetsforeininga hadde kjøpt inn ein hjartestartar til bygda.
    Denne vårmånaden blei også Strandvik tatt inn i bygdeutviklingsprogrammet LivOGLyst.
    I slutten av april klarde me å samla heile bygda til dugnad og ein skikkelig vårreingjering.

    Mai:
    Kyrkja var stengd ei stund, men i mai opna ho opp igjen nymåla innvendig.
    Det var midtbygda sin tur å arrangera 17. mai i år, og på bileta me publiserte såg nasjonaldagen vellukka ut.
    Grendahuset kunne by på revy frå Tedna Laidys med dans attåt. Og skulen inviterte på show med «Strandvik sine talent».
    På slutten av månaden vart renovatørane tatt ut i streik, og me kunne melda at det ikkje såg ut rundt «boss-stasjonen» ved parkeringsplassen i sentrum. I sterk kontrast kunne me på siste dagen i mai skrive at Strandvik var nominert til Kulturlandskapsprisen for Hordaland 2012. Ein pris me diverre ikkje vann.

    Juni:
    For fyrste gong heldt me marknad i bygda, og marknadsdagen laurdag 9. juni vart ein stor suksess.
    Forutan ein motorsykkelgjeng som inntok bygda var den fyrste sumarmånaden roleg for Strandvikjo.no.

    Juli:
    Tradisjon tru gjekk både Strandvik Open og Strandvikløpet av stabelen. Det knallharde sykkelrittet Le Tour de Fusa tok også turen innom bygda.
    Reguleringsplanen for Fv 122, Kvålshaugen / Jordmorsvingen vart godkjend.
    Juli enda med ein nedtur då Posten Norge AS la ned «Post i Butikk» hos Joker Strandvik.

    August:
    I august klarte faktisk ikkje redaksjonen å produsere ein einaste artikkel. Me tar sjølvkritikk, og satsar på at august 2013 blir mindre tekstlaus!

    September:
    I den fyrste haustmånaden vart grendahuset okkupert av datamaskiner.

    Oktober:
    Kyrkja fekk endeleg eit overbygg over hovudinngangen etter 73 års arbeid.
    Strandvik og Vinnes Vassverk SA tok det store steget ut på den verdsvide veven ved å lansere eigen nettstad.

    November:
    Me kunne konstatera at Strandvik er den litterære hovudstaden i Fusa.

    Desember:
    Byggjesøknad for Strandvik Nye Barnehage er sendt.
    Fusart har juleutstilling på Handelslaget. Og på Handelslaget vart også den spanande boka «Då krigen kom til Strandvik» av Johan Warhuus lansert denne fyrste vintermånaden.

    Dette året har me også kunne lese om 12 sambygdingar i «Folk og fe»-spalta. Me har vert gjennom 29 hendingar i kalenderen. Gjennomsnittleg har me har hatt heile 627 unike besøkande innom nettstaden kvar månad. Og me har 219 personar som likar oss på Andletebokjo.

    Om redaksjonen skal ha eit ynskje for 2013, er det meir bidrag frå lesarane våre! Strandvikjo.no driv seg ikkje sjølv, og det begrensar seg kor mykje tid ein kan leggje i nettstaden på friviljug basis. Me ynskjer at DU som lesar sender inn hendingar til kalenderen, plakatar til oppslagstavla, tips til artiklar/nyhende og ikkje minst legg igjen ein kommentar under artiklane. Dette vil lette arbeidet for oss. Og kanskje kommentaren din startar ein større debatt kring aktuelle tema i bygda? Om du ynskjer å få publisert ein artikkel, nyhende, dikt, forteljing eller historie som du har skrevet sjølv, ikkje nøl med å ta kontakt då heller!

    Alt i alt har det våre eit kjempe år for Strandvikjo.no, og redaksjonen ser seg særs nøgd med det. Me har mange planar for neste år. Kva desse planane er for du vente å sjå, for me reknar med du følgjer med oss i 2013 òg?


    Godt nytt år, Strandvik!

  • Folk og fe: Hjørdis Vik

    Folk og fe: Hjørdis Vik

     

    • Namn:
      Hjørdis Vik
    • Årgang:
      1943
    • Yrke:
      Pensjonist
    • Kjem frå:
      Lindås, men budd i Strandvik i 47 år.
    • Kva gjer du på fritio:
      Handarbeid, kryssord, vera saman med barnebarn, gå turar.
    • Det beste med Strandvikjo:
      Det er ei fin og triveleg bygd å bu i, med ein god skule(oppvekstsenter). Dugnadsglade folk og eit godt miljø for liten og stor.
    • Kva gler du deg til?:
      Eg gler meg bl.a til vår og sommar, og tur til Island i mai.

    I «folk og fe» neste gong: 
    Ronald Valvatne

    Kva er «Folk og fe»?

    Eldre «Folk og fe»

  • Marknadssuksess

    Marknadssuksess

    Marknadsdagen laurdag 9. juni vart ein stor suksess. Vêrgudane var med oss, og store og små fekk ein triveleg dag ilag.

    Dagen byrja med felles frukost i sentrum. Kring 250 store og små fann vegen til duk og dekka bord. Stor takk til Mona og Joker Strandvik, som hadde ei rekkje gode sponsorar i ryggen!
    Under fellesfrukosten kosa store og små seg saman, og ein fekk tid til å snakka saman over ein kaffikopp, gjerne på tvers av generasjonar, noko alle såg ut til å setja pris på.

    Eit av høgdepunkta var når Liv og Lyst-general i bygda Tone Andreassen Vik sytte for utdeling av Bygdaprisen. Det er ein «kvardagspris» som skal gå til personar eller lag som gjer ein fabelaktig innsats i kvardagslivet i bygda. Prisen gjekk til butikkinnehavar Mona Tveit Dalland, som fekk overrekt prisen av ein av sine mest trufaste kundar gjennom mange år, Nils Legland.

    Utanom dette var alle «offentlege bygningar» i bygda opne: Skulen, grendahuset, kyrkja, ungdomshuset, fellesfjøset og ridehallen. Mellom desse vart det arrangert kultursti.
    I ungdomshuset opna Galleri Rosenlund salsutstilling, der kunstinteresserte kunne sikra seg ein skatt eller to.
    Lag og foreiningar stod på stand mellom salsbodene, fylkesvegen gjennom sentrum vart vertskap for ei zumba-økt og det var ulike konkurransar – som hønsadritabingo på programmet.
    Også filframsyninga i Grendahuset – der vi fekk sjå filmane vår lokale filmhelt Sverre Nistad Kvamme har laga – vart ein hit!
    Den lokalproduserte rauddravlen fekk bein å springja på i marknadsteltet – ein suksessfaktor me vonar vil koma att.
    Der var også ei rekke andre utstillarar som verka nøgde med responsen etter at salsbodene var pakka ned.
    Marknadsdagen vart avslutta med minikonsert i kyrkja.

    Etter suksessen sist helg er det alt fastsett at det vert ny marknad 1. juni neste år. Då har arrangørane lovd å ta med seg sukksessfaktorane frå denne marknaden vidare, og om mogleg gjera marknadsdagen enno betre!

    Mykje godt dugnadsarbeid vart lagt ned i denne marknaden, og for å promotera nettstaden vår hengde me opp ein stor banner på Kvålshaugen. Dette arbeidet blei filma og sett saman til eit lite filmklipp du kan sjå nedanfor:

    [youtube id=»RkprKipYZvc» width=»600″ height=»340″]

    Om du gjekk glipp av filmframsyninga til Sverre Nistad Kvamme i grendahuset under marknaden, har han lagt ut mange av filmklippa sine på nettstadene YouTube og Vimeo slik at du også kan sjå dei heime, klikk på lenkjene under for å koma til filmklippa hans:

    StrandvikFilm på YouTube
    Sverre Nistad Kvamme på YouTube
    Sverre Nistad Kvamme på Vimeo

    Her kjem eit lite galleri av bilete frå marknaden:

  • Kyrkja er nymåla

    Kyrkja er nymåla

    Strandvik kyrkje har våre stengd ei tid for å målast og pussast (litt) opp innvending. No opnar kommunen si vakraste kyrkje igjen, akkurat i tide til å ta imot konfirmantane på sundag.

    Gipsfigur (Foto: Iman de Zwarte)

    Me tok kontakt med kyrkjeverje Harald Geir Sæther. Han kunne fortelje at arbeidet tok til i byrjinga av mars med målingsarbeid utført av Kenneth Samnøen AS. Dei har måla tak og veggar med linoljemåling. I tillegg har dei pussa opp benkane nede i kyrkjeskipet.

    Samstundes, etter nærare seksti år bak i kyrkjeromet, har to gipsfigurar vorte flytta fram i kyrkja. Her har Halldor Skaatun utførd delar av arbeidet, og delar er utførd på dugnad.
    Litt interessant er det at Halldor på 1950-talet også var med og monterte gipsfigurane bak i kyrkja saman med far sin. Bjørg Skåtun har også våre aktiv i oppussinga av gipsfigurane.

    Det er også utført, eller vil bli utført ein del anna arbeid på Strandvik kyrkje. Mellom anna skal Leigland Bygg skifte ut fleire rotskada vindauge i tårnet.

    Kyrkjeverja nemner og at dåpssakristiet tidlegare er pussa opp på dugnad. Her har fleire vore med å pussa golv og måla rommet. Det er også kjøpt inn nytt inventar.

    Galleri (Foto: Iman de Zwarte)

    Det er sett av om lag Kr. 400.000,- til opprustinga av Strandvik kyrkje, det reknar kyrkjeverja med vil gå til utføringa av alt dette arbeidet.

    Det lokale kyrkjeutvalet har tatt initiativ til eit spleiselag til opprusting av benkane.
    Det skal vera sendt ut informasjon til alle husstandane i kyrkjekrinsen, og dessutan til næringsliv og lag/organisasjonar. Målet er å samle inn kr 72.000,-.
    Kyrkjeverja er litt usikker, men det kan sjå ut som om Kr. 50.000,- no er passert.
    Skulle det kome inn meir enn målet, så vil desse midlane bli sett av til tiltak som vil vere med å pynta kyrkja, eller gje den eit løft ut over det ordinære vedlikehaldet.

    Til slutt legg Harald Geir Sæther til at det ser ut som om mange vil vere med på dette spleiselaget.
    Noko som kjem lokalsamfunnet og kyrkja til gode, og som er til oppmuntring for dei som står på lokalt, noko som varmar eit kyrkjeverjehjarta!

  • Vårreingjering i bygda

    Vårreingjering i bygda

    Laurdag var det duka for fellesdugnad i regi av dei frivillege laga i bygda. No er den vakre bygda vår klar for 17. mai og ein aktiv sommarsesong!

    Det er lenge sida sist så mange var samla til dugnad i Strandvik. Både store og små, tobeinte og nokre firbeinte vener var på plass for å få bygda til å skina.
    Bygdafolk stilte med kostar og spadar under armen, motorsager og større hjelpemiddel som gravemaskin, traktor og lastebil – og på toppen av dette store dosar med godt humør! Samtalane flaut over ein låg sko, latteren sat laust, og arbeidslysta var smittande.

    Det vart reinska ugras, plukka boss, rydda, beisa og lakkert. Sandkasser vart endevent. Tre vart saga ned, og murar og opne plassar fekk ein omgong med høgtrykkspylar. Særleg omtanke fekk skuleplassen, idrettsplassen, grendahuset og området kring Vikaelva.

    Saniteten sytte for kaffi og noko attåt, slik at bygdafolket heldt både humør og energi på topp!

    På vegne av oss alle i bygda: Tusen takk til alle som stilte opp og var med å gjera denne fagre bygda enno vakrare!