Om ein har fritid til overs, eller boblar over av virketrang, er det mange lag og organisasjonar ein kan engasjera seg i.
Her er ein oversikt over dei ulike laga og organisasjonane i bygda.
Strandvik Bygdautval
Strandvik Bygdautval er eit talerør for alle som bur eller har fast eigedom i Strandvik. Foreninga skal jobbe for ei positiv utvikling slik at bygda framstår som triveleg å bu i.
Trykk her for å sjå kven som er kontaktperson, og kven som er i styret. (Brønnøysundregisteret)
Strandvik Grendahuslag
Grendahuset vart bygd på dugnad og vart opna i 1993. Huset vert leigd ut til både bryllup, dans og idrettsarrangement.
Formålet med laget er å reisa, eiga, vedlikehalda og driva eit samfunnshus, for på den måten å skaffa innbyggjarane i Strandvik ein høveleg samlingsstad med rom for møte, fester, kino- og teaterframsyningar, konsertar m.m. Laget skal og stimulere innbyggjarane i Strandvik til eit aktiv- og kulturell mangfald i fritid.
Trykk her for å sjå kven som er kontaktperson, og kven som er i styret. (Brønnøysundregisteret)
Idrett / skyting / hest
I Strandvik har ein ei mengd aktivitetar ein kan drive med. Midt i bygda har me sandvolleyball-banar, fleirbruksbane kor ein kan spele tennis, fotball eller basketball, fotballbane og ei sykkelløype for dei minste. Eit lite steinkast frå sentrum ligg ridehallen som me er stolte av!
Strandvik Idrettslag
Trykk her for å sjå kven som er kontaktperson, og kven som er i styret.
Strandvik Skyttarlag
Trykk her for å sjå kven som er kontaktperson, og kven som er i styret.
Fusa Hestesportslag
Trykk her for å sjå kven som er kontaktperson, og kven som er i styret.
Strandvik Båtlag
Båtlaget står for drift og utleige av båtplassar, samla båtintersserte, fremja felles interesser og arbeida for tenlege båtplassar. Moloen til båtlaget i Ådnavikjo stod ferdig i 1995.
Trykk her for å sjå kven som er kontaktperson, og kven som er i styret.