Strandvik Montessoriskule har eigen vêrstasjon på Kvålshaugen. Nedanfor kan ein sjå data frå den.

Den beste måten å sjå vêrdata frå stasjonen på Kvålshaugen er å laste ned appen WeatherLink (Android og iOS), registrere gratis brukar og så søke inn Strandvik og legge den på startskjermen til appen ved å trykke på flagget. Hugs å endre til metriske måleeiningar i brukarinnstillingane på appen.

Her finn ein svært mykje interessant vêrdata, samt rekordar. Ein finn forskjellege temperaturar, luftfuktigheit, regn, lufttrykk, vind, vindkast, vindretningar, soltimar, solstråling, UV og vêrmelding.

Vêrstasjonen er også kopla opp mot Bergensværet. Geofysisk institutt (UiB) har tatt i bruk data frå stasjonar knytt til Bergensværet i nokre forskningsprosjekt. Denne typen data gir auka kunnskap om lokale vêrforhold, og kan nyttast bl.a. til å verifisere modellvêrvarslar som for eksempel Yr og andre brukar.