Vinnaren av Bygdatråkket

Endeleg har redaksjonen somla seg til å retta alle innkomne svar på Bygdatråkket under Marknaden 09.juni. Det var jamnt og tett i teten, men vinnarane slo til med fullt hus!

Her er både spørsmåla og svara:

  1. Strandvik Kyrkje
    Når vart kyrkja i Strandvik reist?
    Svar: 1857
  2. Ungdomshuset
    Kva type kunst frå vi sjå i Ungdomshuset?
    Svar: maling
  3. Meieriet
    Korleis kjølte dei ned mjølka i Meieriet?
    Svar: Is frå Silduljetjødno, oppbevart i eige ishus attmed Meieriet
  4. Fellesfjøset
    Kor mange m3 møk rommar møkabingen?
    Svar: 1500 m3
  5. Kommunehuset
    Kva kontor heldt til i Kommunehuset?
    Svar: Jordstyret og Lensmannskontoret
  6. Ridehallen
    Kva for dekke er det i ridehallen?
    Svar: fin kvarts sand blanda med tekstil- og gummi fibre (Dry Ecotrack)

 

Det vart delt 1.plass, og dei kunnskapsrike vinnarane er:

Janne Morlandstø og Karen Margrethe  Andersen

Dei kan sjå fram til ein mettande komlemiddag på Handelslaget. Vinnarane kan berre troppa opp på Handelslaget ein torsdag det måtte passa!