- Instruktør og elevar
Strandvik Skyttarlag arrangerte i helga samling for sine Rekrutt og Junior skyttare. 8 flotte ungdommar saman med interesserte foreldre var lørdag og søndag samla i Sartor Skytehall på Sotra. Som instruktør, i tillegg til Paul Haugen, var tidligare skyttarkonge og ein av dei beste skyttarane i landet, John Olav Ågotnes. John Olav Ågotnes er som nevnt ein merittert skyttar, og skyttarane fekk mange gode råd. På samlinga vart det gjennomgang av skyteteori og praktisk skyting med god veiledning frå instruktørane. Tilpassing av utstyr stod også på planen, i tillegg til gode treningstips. John Olav som er lærar av yrke, klarte å formidla teori på ein flott måte som fenga lydhøre skyttarar og foreldre. Kvar dag vart avslutta med uhøgtidelig konkurranse der det var mange smil å sjå der den eine etter den andre sette personlige rekordar.

Etter positive tilbakemeldingar frå både foreldre og elevar etter samlinga, vil laget no utvida samarbeidet med John Olav. Tanken er at han ein par gonger i løpet av sesongen i år vil legga turen til Strandvik. Slik kan følga opp elevane, og sjå til at teori vert utført i praksis..
Både skyttarar, foreldre og søsken hadde ei kjekk helg. Sjølvsagt vart det tid til andre meir «by-aktivitetar». Eit kino-besøk er jo obligatorisk, og etter timar med hard konsentrasjon på teknikk og avtrekk i Sartor Skytehall, var det jammen godt å rista litt laus på Iskanten i Loddefjord. Me kan trygt seia at Strandvik skyttarane er meir treffsikre med gevær enn med curling-steinar.