Dette skjer på marknaden

Til helgja, laurdag 1. juni, klinkar me til med den største marknaden nokon gong i den vakre bygda vår, kystperla Strandvik.

Dagen byrjar kl. 10:00, då inviterer Joker Strandvik til frukost i teltet på skuleplassen. Når ein då er frisk, mett og god er det berre til å ta del i alle aktivitetane og kjøpslå med salsbodene.

Her er ei lita liste over aktivitetane og salsbodene som kjem på marknaden:

Aktivitetar:

  • Hønsadritabingo
  • Ponniridning
  • Ansiktsmåling
  • Kunstutstilling (og sal) i Galleri Rosenlund
  • Open kyrkje m/ konsert
  • Loppemarknad

Mat:

  • Frukost
  • Pizza
  • Laks
  • Rømmegraut
  • Rauddravle
  • Filipinsk
  • Belgisk sjokolade
  • Cupcakes
  • Kakelotteri

Sal:

  • ATV, båt m.m.
  • Måleri og kunst
  • Utstoppa dyr
  • Piletre
  • Kosmetikk
  • Keramikk
  • Litteratur

Marknaden vert runda av ca. kl. 16:00, men dagen er ikkje gje av den grunn. På kveldstid inviterer nemleg Handelslaget på rekebuffet der Rune Nilsen spelar opp til dans. Her er det 18-års aldersgrense.

Det vert teken ein symbolsk sum på kr 20,- for å sleppe inn på marknadsområdet.

Så uansett om du kjem susande på dagstur med motorsykkel, langvegsfarande med bil, gåande over fjellet eller siglande inn fjorden er du velkomen til marknaden vår!