Revyreprise

I desse sommarlege agurknytt-tider tek me turen tilbake til vinterhalvåret 2012.

Nærmare bestemt laurdag 8. desember. Då vart julabordet 2012 for bygda halde. Tradisjonen tru vert det kvart år halde ein revy under julabordet. I bygda er det òg tradisjon at mann- og kvinnfolka arrangerer revyen annankvart år. Dette året var det kvinnene sin tur til å underhalda.

Under arrangementet fanst det eit slikt nymotens filmapparat, og det er filmrullen frå dette apparatet som no har funne vegen til oss her på den verdsvide veven. Så om du gjekk glipp av revyen, eller berre lengtar tilbake til stemninga og juletida no i desse sommarmånaden, då har du no endeleg moglegheita til å gjenoppleve revyen her og no.

Underteikna trur kanskje noko av humoren er berekna på folk som har fått i seg sterkare sakar enn hushaldningssaft, men nokre innslag er absolutt å fordøye utan nemnde varar òg.

(Kanskje dei yngste borna bør skånast frå å sjå delar av revyen?)

Revyen er lasta opp i 10 klipp og varar totalt 54 minutt, om du trykk på «play» nedanfor vil alle 10 klippa spelast av.

(Takk til Karen Margrethe Andersen for filmklippet.)