Jonsokaftan i Handelslagsfjæra

Tradisjonen tru vart det bål i Handelslagsfjæra jonsokaftan, 23. juni, i år òg.

Nytt av året er at DJ Fusa, Eivind Rosvold, leverer musikk og god stemning. Borna kjem til å stå i sentrum, og dei som ynskjer kan få utfolde seg i dans og miming på scena.

Det vert tautrekking for å fastslå om det er innbyggjarane i indre-, ytre- eller midt-bygda som er sterkast.

Om du ikkje tek med mat og drikke sjølv, så sel Handelslaget grill-meny med grillspyd, hamburgarar og pølser i brød. Handelslaget er ope frå kl. 17:00 – 23:00.

Bålet vert tent kl. 18:45.

Vel møt til ein hyggeleg stund!