I desse dagar vert det meir og meir vanleg å betala mest mogleg, om ikkje alt, med kort. Strandvik kan då ikkje hengje etter?
Etter initiativ frå Strandvik Bygdautval har Medio Utleieservice AS sponsa bygda med ikkje berre kortterminal, men eit heilt kassaapparat. Apparatet vart teken i bruk for fyrste gong på årets Strandvik Open og Strandvikløp med gode tilbakemeldingar frå både bakom og framfor kassaapparatet.
Systemet består av ein liten kortlesar som enkelt og greit kan koplast til både smarttelefon og nettbrett, og ein treng ikkje meir enn dette for å kunne ta betalingar. I tillegg har bygda fått med kassaskuffe, kvitteringsskrivar og eige nettbrett slik at det utgjer eit komplett kassasystem.
Systemet er gratis til utlån frå Bygdautvalet til lag og organisasjonar i bygda. For å låne systemet, eller andre spørsmål kring det, kan Peter-Hans de Zwarte kontaktast på post@strandvikjo.no.