Den lange vegen rundt

I eit hus i byggjefeltet på Raudvoll, med store Harley Davidson-klistremerke på garasjedørene, bur Åse Andersen og Nils Idar Henjum. Ho lærarinne i bygda, han vaktsjef på Gate Gourmet på Flesland, begge motorsykkelfrelste og ein aning galne. 

Mottoet deira er «WISH IT, DREAM IT, DO IT»! I desse dagar gjer dei mottoet om til ein realitet. Dei har drøymt om det i fleire år. No har paret tatt eit halvt års permisjon for å utføre det. Motorsyklane deira står og venter i Tyskland, klare for å erobra verda… 

Fyrste del av turen.
Fyrste del av turen.

Underteikna har ein sterk mistanke om at dei er inspirerte av TV-serien «Long Way Round». Der køyrer skodespelar Ewan McGregor og kameraten Charley Boorman den nordlege delen av jordkloda på langs med motorsykkel. Men ulikt frå serien skal Åse og Nils Idar på ein endå lengre tur. Draumen dei har planlagd er nemleg ein motorsykkeltur som tar dei verda på langs gjennom land som Serbia, Kosovo, Azerbajdsjan, Iran, Kasakhstan, Russland, Mongolia, Sør-Korea, Japan og Amerika for å nemne nokre av dei eksotiske landa. På deler av turen følgjer dei Silkevegen, den gamle handelsruta frå Kina til Tyrkia. Her er høgdepunkta mange, blant anna Samarkand og Bukhara i Usbekistan. Dei skal også innom Kirgisistan og Turkmenistan. I sistnemde land skal dei køyra heile 90 mil gjennom Karakum-ørkenen. Turkmenistan er for øvrig kjend for å ha eit diktatur som Amnesty har kalla for det verste etter Nord-Korea, legg Nils Idar til. 

Motorsyklane køyrde dei ned til Tyskland for vinterlagring i oktober 2013. Og det er frå Tyskland den lange reisa startar laurdag 12. april. Syklane, Nils Idar sin BMW R1200GS ADVENTURE (2008) og Åse sin BMW F650 GS (2011) er blant anna modifisert av Touratech med større bensintankar for nokre av dei lange, einsame og forlatne etappane dei kjem til å køyre. Dei har planlagd ankomst i Novosibirsk 13. juni. Det er etter Novosibirsk dei trur det vert mest utfordrande. Då skal dei køyre gjennom Sibir, med eit besøk innom Mongolia. 

I TV-serien «Long Way Round» fekk motorsyklistane møte på alt frå spanande kulturar og fantastiske naturopplevingar til teknisk samanbrot og mafia. Strandvikjo.no ynskjer Åse og Nils Idar ein knakande god tur, og gler oss til å følgje med på bloggen deira.

På bloggen til Åse og Nils Idar kan du sjå bilete og lese om framgangen undervegs på sykkelsetet.
Bloggen finn du på www.rtw-travel-aasenils.com.