Den kjende forfattaren Ragnar Hovland vaks opp i Strandvik. Dette gav han blant anna inspirasjon til historia om Strandvik Symfoniorkester, men utan tvil òg til «Kveldssong for deg og meg». Denne teksten vart kjend då Odd Nordstoga sang om grisen som står og hyler. Hovland budde ved sida av garden på Rauvoll, og grisen Nordstoga syng om var mest sannsynleg ein av Lars Kvåle sine gris.
Hovland har for lengst flytta, men det finst framleis forfattarar i bygda. Utruleg nok har samtlege tilknyting til Tuft.
Den etablerte

Ingvar Nistad er den etablerte forfattar frå Tuft (strengt tatt Åkre, men det er då vel nærme nok?). Han er i tillegg keramikar og arbeider som lærar ved Fusa vidaregåande skule. Han debuterte som forfattar i 2000, då hans fyrste diktsamling «Eg les denne steinen» kom ut på Det Norske Samlaget. Det kan tolkast som samlinga krinsar rundt det vanskelege forholdet mellom mann og kvinne.
I 2008 kom hans andre bok, «Dagane i Cholpon-Ata», også på Det Norske Samlaget. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea mens ein hest går forbi på gata i Cholpon-Ata.
Nistad har fått dikta sine på trykk i litterære tidsskrift som svenske «Ord & Bild», og i norske «Vinduet». Han har også fått Statlege Kunstnarstipend både som kunsthandverkar og forfattar, er medlem i «Den norske forfatterforening», og i «Framfus» som er eit tverrfagleg forum for kunstnarar og kulturutøvarar i og frå Fusa.
Nykommaren

Fredrik Schmidt Fotland er nykommaren. Han har diverre flytta til Lysekloster på Os, men er oppvaksen på Tuft og reknar framleis Strandvik som sin heimstad.
Han har no plukka opp sin gamle drøym om å bli forfattar på heiltid ved å gje ut krimen «Agenten» på sitt eige nystarta forlag, Comino Forlag. Handlinga er lagt til Bergen og miljøet i og rundt SK Brann. Hovudpersonen i «Agenten», Sven Hope, blei faktisk allereie kjend for publikumet i oktober 2000, då som Norges første internettromanfigur. Fyrst kunne ein følgja han via ei «dagbok» på den verdsvide veven. Deretter blei det laga 52 episodar som ein kunne høyre på NRK radio, og no er han altså blitt romanfigur. Schmidt Fotland har foreløpig planlagt minst seks bøker til i same serie, med ei utgjeving i året.
Den framtidige

Øystein Tholo, som likar å titulera seg som «Bygdatullingen», er viden kjend for sine skriverier på Andletebokjo (les: Facebook). Her skriv han om sine opp- og nedturar, røynsler og opplevingar blant anna som mangeårig snøbrøytar. Han fekk ideen om ei bok då han las ein tekst på ein dorull. Dorullen fekk ein bokstaveleg mørk skjebne, men bokideen vart fødd.
Tholo, som denne vinteren er stasjonært på brøytestasjonen i Kvam, kan sei at boka får ein raud tråd med fleire knutar på. Han fortel også at det nyaste litterære verket frå Tuft kanskje kjem ut i løpet av 2013.
Her har me altså tre heilt forskjellige personar, og med heilt forskjellige sjangrar. Men felles for dei er at dei har tilknyting til Tuft. Kva som får folk frå Tuft til å kvesse blyanten eller pusse tastefjøla veit eg ikkje – kanskje det er noko i lufta? Eller slik som Ingvar Nistad skriv:
Forfattarar interesserer seg ofte for det vakre;
på ein eller annan måte. Verda er vakker sett frå Tuft.
Å bu på Tuft, eller Åkre, er som å bu ved ein vid innsjø
eller ved ei havbukt. Vi bur vel eigentleg ved ei havbukt!
Ein ting er iallfall sikkert: Strandvik er den litterære hovudstaden i Fusa, med Tuft som episenter!