Til helgja, laurdag 1. juni, klinkar me til med den største marknaden nokon gong i den vakre bygda vår, kystperla Strandvik.
Dagen byrjar kl. 10:00, då inviterer Joker Strandvik til frukost i teltet på skuleplassen. Når ein då er frisk, mett og god er det berre til å ta del i alle aktivitetane og kjøpslå med salsbodene.
Her er ei lita liste over aktivitetane og salsbodene som kjem på marknaden:
Aktivitetar:
- Hønsadritabingo
- Ponniridning
- Ansiktsmåling
- Kunstutstilling (og sal) i Galleri Rosenlund
- Open kyrkje m/ konsert
- Loppemarknad
Mat:
- Frukost
- Pizza
- Laks
- Rømmegraut
- Rauddravle
- Filipinsk
- Belgisk sjokolade
- Cupcakes
- Kakelotteri
Sal:
- ATV, båt m.m.
- Måleri og kunst
- Utstoppa dyr
- Piletre
- Kosmetikk
- Keramikk
- Litteratur
Marknaden vert runda av ca. kl. 16:00, men dagen er ikkje gje av den grunn. På kveldstid inviterer nemleg Handelslaget på rekebuffet der Rune Nilsen spelar opp til dans. Her er det 18-års aldersgrense.
Det vert teken ein symbolsk sum på kr 20,- for å sleppe inn på marknadsområdet.
Så uansett om du kjem susande på dagstur med motorsykkel, langvegsfarande med bil, gåande over fjellet eller siglande inn fjorden er du velkomen til marknaden vår!