- Namn:
Sverre Aujar Nistad Kvamme - Årgang:
1994 - Yrke:
Elev ved Fusa Vidaregåande skule, går tredje året på studiespesialisering med formgjeving. - Kjem frå:
Strandvik - Kva gjer du på fritio:
På fritio mi, når eg ikkje sløser bort tida mi på lekser, lagar eg film, går på tur med venner, er ilag med venner, trenar på Framo aktiv og fotograferer. - Det beste med Strandvikjo:
Det er ei fin og passeleg stor bygd med ekstremt fin natur. Om sumaren er det kjekt å bada i Skjelavikjo når sola steikjer, kanskje gå ein tur på Langenuen, spela sandvolleyball og kjenna dufta av møk og nykutta gras. Om vinteren er det kjekt å aka i Åkrabakkane, kanskje ner Smibrekko om da er is på veien, kanskje sjå solnedgangen frå Haugsåsen, og etterpå komme inn i varmen, sjå ein film og drikke kakao. - Kva gler du deg til?:
Eg gler meg til å begynne med innspelinga av neste film, Jon Bonde – Godterimannen, og eg gler meg til haustferien
I «folk og fe» neste gong:
Torjus Tuft