• Namn:
    Sverre Aujar Nistad Kvamme
  • Årgang:
    1994
  • Yrke:
    Elev ved Fusa Vidaregåande skule, går tredje året på studiespesialisering med formgjeving.
  • Kjem frå:
    Strandvik
  • Kva gjer du på fritio:
    På fritio mi, når eg ikkje sløser bort tida mi på lekser, lagar eg film, går på tur med venner, er ilag med venner, trenar på Framo aktiv og fotograferer.
  • Det beste med Strandvikjo:
    Det er ei fin og passeleg stor bygd med ekstremt fin natur. Om sumaren er det kjekt å bada i Skjelavikjo når sola steikjer, kanskje gå ein tur på Langenuen, spela sandvolleyball og kjenna dufta av møk og nykutta gras. Om vinteren er det kjekt å aka i Åkrabakkane, kanskje ner Smibrekko om da er is på veien, kanskje sjå solnedgangen frå Haugsåsen, og etterpå komme inn i varmen, sjå ein film og drikke kakao.
  • Kva gler du deg til?:
    Eg gler meg til å begynne med innspelinga av neste film, Jon Bonde – Godterimannen, og eg gler meg til haustferien

I “folk og fe” neste gong: 

Torjus Tuft

Kva er “Folk og fe”?

Eldre “Folk og fe”