Godkjend reguleringsplan for Fv 122

Kommunestyret har godkjend reguleringsplanen for Fv 122, Kvålshaugen / Jordmorsvingen. 

Kommunestyret har i møte 20.06.2012 godkjent reguleringsplan for Fv 122, Kvålshaugen / Jordmorsvingen i Strandvik. 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa.

Fusa Kommune

Kommunen har lagt ut reguleringsplan, reguleringsføresegner og planskildring for Fv 122, Kvålshaugen / Jordmorsvingen på nettstaden deira.
Slik underteikna tolkar det, blei kunngjeringa lagt ut 04.07.2012, så det er mogleg å klage innan 18.07.2012 om det skulle vera noko med planen du ikkje er nøgd med.

Her er direkte lenkjer til dei tre dokumenta:

Reguleringsplan
Reguleringsføresegner
Planskildring

Eg vil særskild sitere frå planskildringa punkt 6.8 – Risiko- og sårbarheitsanalyse:

Det eksisterande lågspentnettet som går i vegskuldra må flyttast ved utviding av dagens veg.

Med dette vil eg personleg gje eit hint til bygda at ein bør starte ein dialog med Fusa Kraftlag og «Televerket» og vera pådrivar for å kvitte seg med stygge leidningar som øydelegg utsynet over bygda, og heller få grave ned straum og televerkkablar i grøft. Veglys kan monterast på finare stålmaster eller liknande. Eg vil i denne samanhengen minne på at Vinnes fekk grave ned mykje av sitt leidningsnett i samband med vegutbygginga der.

(Foto: Iman de Zwarte)

Kommenter og diskuter nedanfor ↓ !