Hus til leige i Strandvik?

Strandvik er ei perla på jord!

Det veit me som bur her. Me har skule, barnehage, butikk, kyrkje, Handelslaget, idrettsbane, ridehall, flott natur og ikkje minst gode naboar! Det er godt å bu i Strandvik. Me skjønar veldig godt at fleire har lyst å komma til Strandvik for å bu. I Strandvik er det enno mogeleg å kjøpa tomt for dei som ønskjer å byggja. Heldigvis! Men, for dei som kanskje lurer på om Strandvik er den rette staden og vil «prøvebu» her, er situasjonen ein annan…  Det kan virke som om det er få hus og leiligheter til utleige. Kanskje DU veit om ledige husvær, eller har eit sjølv du vil leige ut?

Me vil svært gjerne komma i kontakt med huseigarar som ønskjer å leige ut og kan tilby gratis annonsering på «Oppslagstavla» her på heimesida.