I fullt firsprang

Komande laurdag er det berre å dra seg ut av godstolen, få på seg joggesko og sveitteband og stille opp på idrettsbana!

Tradisjonen tru er det då klart for Strandvik Open og Strandvikløpet.

Nedanfor finn du eit flott program. Her er alt om dei forskjellige løpa. I tillegg er det aktivitetar for ulike aldersgrupper. For dei minste kjem «Vennebyen» på besøk. Elles kan born og ungdomar la seg kurse i moderne dans. Og ikkje minst er der volleyball-finalane frå Strandvik Open. Strandvik Open har for øvrig pågått sidan onsdag 4. juli. Du kan finne resultatane og meir informasjon om dette på nettstaden deira her.

Om du har energi igjen når det kveldast er det berre å møta opp i Grendahuset. Der kan du først trimma lattermusklane under ein revy. Deretter, om du framleis er lett på labben, kan du teste ut dansegolvet.

I grendahusets på kveldstid opnar dørane kl. 19:30.
20:30 vert det revy med Cato & Claus, og kl. 22:00 spelar Two4You opp til dans.

Aldersgrensa er 18 år og det vert sal av forfriskingar.

Billettar kan kjøpast hos Joker Strandvik til kr 200,- for revy, kr 200,- for dans eller kr 300,- for både revy og dans.