I desse dagar susar slitne syklistar gjennom Vest-Europa i Tour de France. I motsetnad til utøvarane er dette eit avslappa ritt for oss sofaslitarar som følgjer med på fjernsynet her heime. Men om ikkje lengje må du som sykkelinteressert ha ein god unnskyldning for å gå glipp av Fusa si eigen «Tour».
I følge arrangørane er «Le Tour de Fusa» årets høgdepunkt for syklistane. Litt mindre i omfang enn sin franske tvilingbror, men likevel respektabel med heile 3 etappar fordelt over Fusa sitt vegnett.
Startskotet for første etappe går 20. juli kl. 18:00 i Ekelandsosen, og målgangen er ingen annan stad enn i vår eigen Strandvik. På veg mot Strandvik blir det spurt mellom Bergegrend og Fusa. Her kan ryttarane oppnå viktige poeng til spurtsamandraget. Når ryttarane nærmar seg Fusa, er tida inne for duellering for klatrepoeng opp «Col de Fusabrekko».
Om ryttarane endå ikkje har møtt veggen, kan det hende dei gjer det når dei trør inn i Strandvik. Der skal dei opp Legland-passasjen. Opp dit er det ein stigning på 123 høgdemeter på kun 1,5 km. Dette gjev ei stigning som i snitt ligg på 8%, og nærmar seg 20% på det brattaste. Oppover til Legland blir det også delt ut klatrepoeng. Arrangør Ørjan Nordtveit estimerer at dei første syklistane kjem inn i bygda 18:40, og målgang på Legland 18:45.
Om du ynskjer å vera med er det berre å hive seg rundt før påmeldingsfristen går ut 15. juli 2012.
Meir informasjon om rittet, påmelding, resultat og dei andre etappane finn du på nettstaden til «Le Tour de Fusa».