Strandvik kyrkje som LEGO-byggjesett (Aprilsnarr, men litt sant…)

Den danske leiketøyprodusenten LEGO, kjend for sine små plastklosser, har lengje hatt ein serie kalla Architecture. Denne serien består blant anna av kjende bygg som Empire State Building, Eiffeltårnet og Big Ben som små lego-byggjesett.

LEGO Architecture Eiffel Tower
Også Eiffeltårnet finst i Architecture-serien.

I løpet av året vert produktrekkja i Architecture-serien utvida til å inkludera lokale kyrkjer frå rundtom i verda. Ei av dei fyrste kyrkjene som vert å finna som lego-byggjesett vert faktisk Strandvik kyrkje! Steen Sig Andersen er ein av dei mest erfarne og respekterte LEGO modelbyggjarane i verda. Det er han som har ansvaret for å gjere artisten sitt forslag om til eit ferdig LEGO-sett. Han fortel til Strandvikjo.no at Strandvik kyrkje på mange måtar representerer det gjennomsnittlege norske kyrkjebygg. Ho stod ferdig i 1857 som ein treskipa basilika med einskipa, polygonalt avslutta kor i øst og tårn i vest og hadde då 550 sitjeplassar. Det var den største kyrkja i heile Midthordland. Arkitekten bak kyrkja, Frederik Hannibal Stockfleth er norsk, men fødd i Danmark. Det var då det danske konsernet såg på verka til denne arkitekten at dei fekk auga opp for den vakre kyrkja. Kyrkja vert for utanlandske auge eit eksotisk innslag i Architecture-serien.

Dette byggjesettet vert ikkje offisielt lansert før august 2014. Men LEGO har allereie no sendt eit lite kolli med nokre byggjesett til Joker Strandvik slik at bygdefolket kan byrja å leike seg. Byggjesetta er å få tak i hos Joker Strandvik til kr 549,-. Danskane har sendt 25 sett, så her er det fyrstemann til mølla prinsippet.

OPPDATERING: 

100% ekte!
100% ekte!

At LEGO skal utvida produktrekkja si var nok ein aprilsnarr, men Strandvik kyrkja i LEGO versjon er 100% ekte. Den er 44 cm lang, 9 cm brei og 30 cm høg. Den består av 1696 LEGO-klossar.

Om det er interesse for den kan det hende me kan sette saman noken sett og selje?