Liv og Lyst 2012

Dei tre siste åra har me søkt opptak i bygdeutviklingsprogammet som Hordaland Fylkeskommune har, LivOGLyst. Me har vore assosiert medlem i to år, men i år fekk me tildelt eit eitt-årig prosjekt! Dette er strålande! No er Strandvik offisielt ei bygd med Liv og Lyst

LivOGLyst er eit program for lokal utvikling i Hordaland og er for dei som vil utvikla næring og skapa aktivitet i lokalsamfunnet. Det har som formål å stimulera til meir nyskaping, næringsutvikling, bulyst og trivsel på ein lokalt tilpassa og langsiktig måte. Bak satsinga står Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen si landbruksavdeling og Innovasjon Norge Hordaland.

Det vert årleg ”satsa” på 3 tre-årige prosjekt og 2 eitt-årig prosjekt. Som søkar får ein delta i td nettverksaktivitetar der føremålet er kompetanseutvikling på ulike områder, erfaringsutveksling med andre lokalsamfun og tilgang på ulike kurs og konferanser.

For meir informasjon www.kom-an.no.

LivOGLyst