Laurdag 4. juli er det berre å dra seg ut av godstolen, få på seg joggesko og sveitteband og stille opp på idrettsbana!
Tradisjonen tru er det då klart for Strandvik Open og Strandvikløpet, i tillegg til nykomaren: rittet. Strandvikløpet har faktisk 25 års-jubileum i år!
Dagen byr på dei tradisjonelle løpa i tillegg til aktivitetar for ulike aldersgrupper. Det vert også sal av grillmat. Ikkje minst går volleyball-finalane frå Strandvik Open av stabelen på denne dagen. Strandvik Open har for øvrig då pågått sidan onsdag 1. juli. Du kan finne resultata og meir informasjon kring dette på nettstaden deira ved å trykkje her.
Nytt i år er Strandvik Rittet. Eit sykkelritt frå Eikelandsosen til Strandvik, med målgong på toppen av Hauge/Legland. Det er også lagt inn nokre spurtar undervegs. Påmelding til rittet finn du ved å trykkje her.
Har du energi igjen når det kveldast er det berre å møta opp ved Grendahuset kl. 20:00. Er du framleis er lett på labben kan du teste ut dansegolvet her. Om ikkje energien strekk til kan du delta på allsong i teltet utanfor. Det er «Pompel og Piltene» frå Sveio som spelar opp.
Her finn du program for dagen (trykk for større versjon):