Murar inga hindring

Dårlege tider, misfornøgd med politikken og sidan ungane var ute av huset likevel, begynte Hendrik og Katrin Müller å vurdere eit nytt liv i eit framand land. Etter ein flott ferietur til Noreg fekk dei inntrykk av at dette var eit land med hjelpsame og hyggelege menneske. Dei fekk også nyss om at her var det lett å få både hus og jobb.

Ikkje lenge etter kom flyttelasset frå Tyskland til Strøno på Os. Men som Strandvikingar veit er ikkje hi sida av fjorden noko verande plass, og sidan 2009 har paret etablert seg i Kletten byggjefelt. Vener heime lurar på kvifor dei orkar å flytte til «det kalde nord», men då får dei til svar at vintrane er mykje mildare her på Vestlandet enn i Sachsen i det austlege Tyskland der dei kjem frå. Her ute på bygda har dei frie tøylar, og mykje plass til å lufte dei tre hundane paret eig. To Grand Danois og ein liten Yorkshire terrier.

Dei har begge levd store delar av livet sitt på DDR-sida av Berlinmuren, noko dei begge saknar! «Gamle tiden» kallar dei det – alt var betre i «gamle tiden». Underteikna vert nysgjerrig, og har tankar om at den sida av muren likna på dagens Nord-Korea. Men nei, det var langt frå sanninga. Dei treivs svært godt i det sosialistiske systemet, og alle dei kjende treivs svært godt òg. Alle hadde jobb og hus, det var mange sosiale tilstellingar og andre aktivitetar ein kunne delta i på fritida. Hendrik fortel at når muren framleis stod var det inga problem å reise til vesten. Om ein ikkje ville køyra Lada kunne ein til og med kjøpe bil der. Men det var mykje papirarbeid for å få slikt som bilar over grensa.

Deira opplevingar stemmer godt overeins med at DDR hadde den beste levestandarden blant COMECON-statane frå sekstitalet. På starten av syttitalet var det verda si tiande største industristat. Men DDRs økonomi stagnerte frå 1970-talet, og på 1980-talet var staten praktisk talt bankerott. Saman med mangelen på politisk fridom og respekt for menneskerettane, førte dette til stadig aukande protester på slutten av 1980-talet. For 25 år sidan, hausten 1989 braut kommunistregimet saman. Det tidlegare Aust-Tyskland har framleis spor etter samanbrotet i blant anna arbeidsmarknaden.

Då dei kom til Strandvik byrja Katrin å jobbe som assistent i barnehagen på Vinnes. No har ho jobba 2 år på Vinnes Friskule. Her fekk ho assosiasjonar til «gamle tiden» frå å observera den imponerande måten Noreg behandlar barnehagen og skulesystemet på. Vinnes har ein privat barnehage og skule, men likevel er inntrykket deira at det politiske systemet i Noreg minnar meir om systemet i DDR enn nokon anna land dei kjenner til. Kanskje dåverande næringsminister i Sverige, Björn Rosengren, hadde rett då han kalla Noreg «den siste Sovjetstat»?

Hendrik har hatt litt forskjellige jobbar i Tyskland, blant anna køyrd lastebil, vert murar, byggeleiar og ikkje minst drive sitt eige byggfirma i 11 år. No har han tatt norsk våtromssertifikat og tatt opp at mørtelspaden igjen, denne gongen i sitt eige firma. Firmaet, Flis-Puss-Muller, starta han opp i vår. Her tilbyr han flislegging, strukturpuss og muring av små murar. Der ser me: Hendrik og Katrin lar seg verken hindre av høge, politisk betinga betongmurar, eller av små, nye steinmurar.

Flis Puss Muller