Økohus til sals

I Revsfjøra ligg for tida eit noko spesielt hus til sals. Nemleg eit heilt nytt konsept i form av eit «øko-solhus».

Øko-Solhus er en ny generasjon energisparehus som gir opp til 90% energisparing og samtidig helt ren og frisk inneluft, ideell for allergikere og astmatikere. Hustypen bygger på en ny oppfinnelse, hus-i-hus-prinsippet, som gjør at huset er varmt om vinteren og svalt om sommeren uten bruk av ekstra isolasjon eller ventilasjonsanlegg med grobunn for smuss og smittestoff. I stedet følger et Øko-Solhus naturlovene i form av termodynamiske prinsipper for å oppnå klimavennlig energisparing og ren og sunn inneluft.

Øko-Solhus AS

Planen for dette spannande huset i Revsfjøra var å bruke det som eit demonstrasjonshus for firmaet Øko-Solhus AS. Øko-Solhus AS er eit dotterfirma av det tyske firmaet Bio-Solar-Haus. Bio-Solar-Haus har blant anna sett opp fleire hundre hus etter dette prinsippet i mange andre land, og via Øko-Solhus AS var det Noreg sin tur til å stifte kjennskap med dette konseptet.

Dessverre har gode planar ein tendens til å skjære seg. For Øko-Solhus AS gjorde det nettopp dette då tyske Ferdinand Klatt brått døyde i fjor haust. Ferdinand Klatt bygde og eigde huset i Revsfjøra som no er lagt ut for sal.

Både Terje Raunsgard i Fusa Utviklingsselskap og Mikal Leigland i Leigland Bygg var entusiastiske om prosjektet, og Leigland Bygg var også i ferd med å setja opp eit anna hus etter same prinsippa. Mikal Leigland sa til Os og Fusaposten at om ein tek motoren ut av ein bil er det vanskeleg å få han til å gå. Utan motoren Ferdinand Klatt er det no uvisst kva framtida vil bringe for firmaet

Om du er interessert i prinsippet bak husa anbefalast det å lesa vidare på både Øko-Solhus AS og Bio-Solar-Haus sine sider.

Huset ligg for øvrig ute på finn.no.