Overbygg ferdig etter 73 år

At dørene til kyrkja skal vera opne for alle har både vær og vind tatt vel bokstaveleg når det gjeld Fusa sin katedral. Dette har ført til roteskader på inngangspartiet.

For å hindre slike roteskader har det vore arbeidt med å få eit overbygg over hovudinngangen. Dette byrja faktisk så tidleg som i 1939! Dei siste par åra har det vore mykje korrespondanse mellom Fusa sokneråd, biskopen i Bjørgvin og Riksantikvaren – og møte mellom bispedømekontoret og soknerådet – før ein endeleg fekk overbygget godkjend i januar 2012.

Arkitekten Vidar Rune Synnevåg frå Ølve har stått for utforminga av overbygget. Han står også bak blant anna «hytta» til Skjelbreid Poirée på Skjelbreid. Sigmund Leigland og Leigland Bygg står for bygginga av overbygget. Sigmund Leigland, som nyleg fylte 90 år, har vore med på dette arbeidet heilt frå byrjinga av i 1939!

Utskjeringar av Sigmund Leigland i stil med resten av kyrkja.

Frå kyrkjerverje Harald Geir Sæther får me høyre at tidligare ordførar Asbjørn Heidal har vore avgjerande for å få til overbygget gjennom si røynsle og kompetanse både når det gjeld utforming av innhald i brev til, og møte på bispedømeplan. Kyrkjeverja opplyser også om at han har fått fleire positive tilbakemeldingar på overbygget.

I år er Strandvik kyrkja 155 år. Den vart teken i bruk i 1857. Det vart utført ei stor ombygging i 1883. Kyrkja hadde fram til då langsgåande galleria og flat himling med vindauga høgt oppe i midtskipet synleg. Dei langsgåande galleria vart rivne og den halvrunde tønnekvelven sett inn. Bygget med bårehus, toalett og reiskapshus vart bygd ved sidan av kyrkja på 1990-talet.

Også på andre områder er det eit stort engasjement kring kyrkjebygget. Eit døme på dette er Strandvik Sanitetsforening. Før sommaren gav dei Kr. 10.000,- til eit fond for Strandvik kyrkje. Dette er midlar som vil bli nytta til utsmykking eller andre tiltak som er med å gje kyrkja eit løft.

Om du her interessert i meir informasjon kring kyrkjebygget finn du det her.