Årets nasjonaldag er spesiell, 17. mai 2014 er det 200 år sidan Grunnlova vart vedteke av riksforsamlinga på Eidsvoll.
Som ved nasjonsjubileet i 2005 er det lagt opp til felles feiring i Eikelandsosen på føremiddagen. Eit programhefte over kva som skjer i Eikelandsosen finn du ved å trykkje her.
På ettermiddag og kveld vert det arrangement i bygdene, og her er programmet for Strandvik:
[checklist]
- 07:00 – Salutt
- 12:30 – 14:30 – Sal av middag / Ope kiosk
- 13:00 – 15:00 – Leikar for born og vaksne / Bygdakamp ca. kl. 14:30
- 15:00 – Folketog frå skuleplassen med kransenedlegging ved bautaen. Musikk ved Holmefjord Musikklag.
- 16:00 – Folkefest i Grendahuset (kr 50,- / 75,-), Tale/underhaldning: Strandvik Oppvekstsenter.
[/checklist]
Ved å trykkje her kan du ta eit tilbakeblikk på tidligare 17. mai-feiringa i bygda. Ved å trykkje her kan du lese meir om bautasteinen kransen vert lagt på.
Lat oss håpa på ein fantastisk fin dag, og bygdo skin frå sitt beste!