Strandvik Open og Strandvikløpet vart fantastiske dagar. I årets kalde sommar opplevde me varme og flotte dagar som på inga måte sette ein dempar på stemninga.
Dei siste 8 åra har Strandvikløpet og volleyballturneringa Strandvik Open vore kombinert til eitt arrangement. Dagen byrja allereie kl. 9 for dei som hadde meldt seg på for eit slag volleyball. Denne laurdagen vart det turnert i mix 4 (i volleyball-terminologi tyder det 4 personar av variert alder og kjønn på eit lag) for både venelag og bedriftslag. Her stilte heile 34 lag og meir enn 150 spelarar, fortel den strålande nøgde arrangementsansvarlege Tone Elisabeth Stenevik. Dagane i førevegen var det mogleg å bli trent av fleire av toppane i volleyball-Noreg. Samstundes vart det tevla i fleire ulike aldersklassar desse dagane. Det var rundt 100 deltakarar i alderen 5 – 18 år frå onsdag til fredag.
Nokre eldsjeler frå Strandvik Idrettslag har stått på i fleire dagar for å leggja til rette for denne dagen. Med det førte dei det tradisjonelle Strandvikløpet inn i sitt 25-årsjubileum. Dagen bydde i tillegg til dei tradisjonelle løpa på hesteskokasting, bogeskyting, bruskassestabling, lotteri, god grillmat og mykje anna.
Årets Strandvikløp bestod av «Iskremløpet» for dei minste, «Sentrumsløpet» for dei mellomste og klassikaren «3 km» for alle aldrar. Her vart det også trekt ut flotte premiar på startnummera. Utanom personlege rekordar vart det ingen nye rekordar under årets løp, men likevel mange imponerande prestasjonar av deltakarane. Det vart 37 deltakarar i sentrumsløpet og 61 deltakarar på 3 km.
Nytt av året var Strandvik Rittet. Eit sykkelritt frå Eikelandsosen til Strandvik, med målgong på toppen av Hauge/Legland. Det var også lagt inn spurt på Bergegrend, og klatreetappe opp «Fusabrekko». Her deltok 16 syklistar i så varierande form som frå noregsmeister til glade amatørar. Rittet vart overført live til publikum med skjerm på idrettsbana, dessverre med varierande kvalitet, men arrangøren håper på å koma sterkt tilbake neste år. Det var også skaffa inn ei drone som skulle filme rittet frå lufta, men pga. problem med overføring av bilete vart det ikkje mogleg å overføra live. Men drona tok likevel fantastiske bilete som du kan sjå her:
[youtube id=”hCEOlfMZjzw” width=”600″ height=”350″]
Etter den strabasiøse innsatsen med joggeskoa på – eller utan sko i sanden – avslutta speaker Erik Hanøy arrangementet med premieringa av både volleyball, løp, ritt, leik og lotterivinnarar.
Etter at alle hadde kvitta seg med sanden i og mellom samtlege kroppsdelar, vart det arrangert dans på kveldstid. Omtrent 250 menneske i myndig alder samla seg til ei stund med særs god stemning. Her vart det allsong i teltet utanfor Grendahuset, og seinare spelte «Pompel og Piltene» opp til dans. Dansen svinga seg til langt ut i dei seine nattetimar og avslutta ein flott dag.
Les også gjerne om arrangementet hjå Os & Fusaposten ved å trykkje her ->
For å sjå resultat og tider kan du trykkje på dei grå «bjelkene» under:
[toggle title=”Strandvikløpet”]
Sentrumsløpet
Angelskår, Emil (4.50)
Angelskår, Markus (4.28)
Bygjordet, Elise (4.24)
Dalland, Oda Hove (4.28)
Dalland, Tarjei (4.55)
Dalland, Viljar (4.40)
Fagerheim, Johnatan (4.24)
Freidlitz, Eirik (3.13)
Garverhaugen, Emilie (4.41)
Garverhaugen, Iselin (4.22)
Gjøen, Magnus (7.06)
Gravdal, Erlend B. (4.26)
Haga, Magnus S. (3.44)
Haga, Sverre S. (3.20)
Håland, Jonas (3.51)
Håvik, Adrian Øpstad (3.54)
Hådneland, Ørjan A. (4.01)
Komazec, Natalia (4.41)
Masnsezy, Albert Hauge (4.09)
Masnsezy, Kristin Sofie Hauge (4.39)
Merkesdal, Iver
Melf, Hanna (7.10)
Midtrød, Karina (3.59)
Nordanger, Josefine (4.24)
Nordanger, Pernille (4.50)
Nordheim, Pia (3.54)
Nybrot, Tony Andreas (3.58)
Nygård, Kamilla (4.28)
Romundset, Brage Sebastian (4.50)
Rotnes, Jonas (4.25)
Soldal, Maja Helland (4.28)
Tangerås, Andreas Øye (4.10)
Tangerås, Jonas Øye (4.08)
Tveit, Vilde (4.04)
Ulland, Lars T. (4.53)
Vik, Espen (4.11)
Watne, Eliane (4.26)
Strandvikløpet – 3 km
Birkeland, Guttom (13.48)
Birkeland, Martin (12.39)
Dalland, Andreas (11.48)
Dalland, Anne (20.46)
Dalland, Eirik Klyve (9.41 1. plass herrer)
Dalland, Maria (15.01)
Dale, Martin (10.37)
Fagerheim, Jan (10.35)
Glesnes, Ole Andre (11.20)
Gravdal, Marta B. (14.27)
Haga, Erik Spangelo (10.29 3. plass herrer)
Haga, Magnus Spangelo (15.34)
Haga, Sverre Spangelo (15.32)
Hamre, Markus (12.03)
Hodneland, Anne Ask (27.05)
Hodneland, Anne Kari Ask (27.06)
Hostad, Ivar (14.43)
Hove, Synne (17.35)
Jacobsen, Eirik (14.33)
Jacobsen, Morten (13.39)
Johannesen, Gunnar (12.42)
Johannesen, Svein (13.04)
Johannesen, Thomas J. (11.46)
Kaasin, Synne (15.59)
Kartveit, Arne Johan Hesvik (12.50)
Kvamme, Andrea Nistad (12.04 1. plass damer)
Kvamme, Ingolf Nistad (15.48)
Kvamme, Sverre Nistad (11.35)
Leigland, Martin (12.04)
Lund, Øyvind Macody (9.46 2. plass herrer)
Lund, Scott Macody (12.46)
Lygre, Dina (27.04)
Lygre, Kristian (13.00)
Lygre, Sander (14.38)
Magnussen, Christian (12.51)
Mathisen, Torgeir (10.57)
Mathys, Bo (12.55)
Medhammer, Øystein (16.11)
Merkesdal, Brage (15.54)
Nordanger, Lars Vidar (14.40)
Nordbø, Øyvind (16.55)
Nordheim, Lars (13.37)
Nygård, Onkel Tore (16.28)
Opsal, Frode (12.54)
Reiertsen, Hege (13.30 3. plass damer)
Røstum, Ole (12.27)
Sagen, Bjarte (14.08)
Sletbakk, Cornelius (12.57)
Skouen, Jan Sture (13.11)
Skouen, Nicholas K. (11.19)
Skouen, Sarah K. (13.08 2. plass damer)
Solhaug, Henrik (12.22)
Stadås, Mads (10.37)
Thu, Kjetil (13.42)
Torgildstveit, Hanne (20.46)
Tuft, Helena Vindenes (27.06)
Ulen, Ingrid Forberg (16.24)
Vik, Lena (20.46)
Vindenes, Ove (15.59)
Vindenes, Øystein (16.38)
Ølberg, Reidun (20.46)[/toggle]
[toggle title=”Strandvik Open”]Gutter U15
1. Eirik Bjelland & Fredrik Ingebrigtsen
2. Markus Mol & Magnus Tuft Soltvedt
3. Henrik T. Aasen & Sturla T. Gaugstad
Jenter U15
1. Elisabeth Aasprang & Monika Femsteinevik Stakseng
2. Frida Berntsen & Melina Mol
3. Ina Tråvik & Tora T. Aksnes
Gutar U17
1. Eirik Bjelland & Fredrik Ingebrigtsen
2. Håvard Vik & Erik Åsmul
3.Markus Mol & Magnus Tuft Soltvedt
Jenter U17
1. Helena V. Myking & Kristin Alme
2. Hanna Tholo & Renate O. Lie
3. Elisabeth Aasprang & Monika Femsteinevik Stakseng
Gutar U19
1. Johannes Helland-Hansen & Torbjørn Femsteinevik Stakseng
2. Isak Haugen & Torjus Tuft
3. Martin Sundvor & Endre Traavik
Jenter U19
1. Grethe Tuft Soltvedt & Marte Åsmul
2. Anja Solberg & Astrid Vangdal
3. Eli Vindedal Langlo & Linnea Skrede Hervik
Mix 2
1. Bjelland & Morken
2. Hanna & Halvard
3. Elin & Martin
Open dame
1. Frida Berntsen & Solveig Morken
2. Astrid Vangdal & Tora T. Aksnes
3. Otelie Tuft & Elin Sundvor
Open herre
1. Bjelland & Bjelland
2. Ingebrigtsen & Ingebrigtsen
3. Martin & Mads
Mix 4 Vennelag
1. Stilig & Mjuk
2. Team Tholo
3 NR. 1
Mix 4 Bedrift
1. Leigland Bygg
2. Entrepenør Nils Petter Vindenes
3. Fusa Elektro
[/toggle]
[toggle title=”Strandvik Rittet”]1. Ronald Valvatne (43,58)
2. Stian Håvik (44,22)
3. Ørjan Nordtveit (44,58)
4. Leendert-Jan de Zwarte (45,18)
5. Jan Nerhus (45,41)
6. Bjørnar Torgilstveit (45.46)
7. Helge Martin Håvik (45,50)
8. Torgeir Kinne Solsvik (46.02)
9. Andreas Kvåle (46,19)
10. Helge Dale (47,05)
11. Hans Petter Røykenes (47,19)
12. Bjørn Olav Netland (47,26)
13. Hans Magne Håvik (47,39)
14. Tore Koldal (48,26)
15. Kenneth Korsnes (49,33)
16. Sigurd Dalland (51,42)
[/toggle]
Takk til Martha Kristin Tuft Soltvedt for bilete:
(Dessverre vart batteriet tomt så altfor tidleg, så beklagar så få bilete.)