Sentrumsutvikling

Laurdag 9. mars 2013 hadde mange funne vegen til Grendahuset. Sentrumsgruppa frå «LivOGLyst»-prosjektet hadde nemleg invitert Geoplan frå Norheimsund til å leia prosessen med å «forma» vårt eige sentrum.

I løpet av idékaféen kom det fram mange tankar om korleis ein ser for seg Strandvik i 2023/33: Korleis vil me at det skal sjå ut her? Kva skal ein driva med i Strandvik? Dette var verkeleg noko som engasjerte gruppene, og nokre kreative skisser vart presentert.

Laurdag 25 mai 2013 – kl. 11:00 kjem Solveig Valland frå Geoplan tilbake til Grendahuset. På grunnlag av det som kom fram under idékaféen har Geoplan laga skisser for utviklinga. Desse vert presentert denne dagen. Det er med andre ord berre å merka seg datoen og ta turen innom Grendahuset!