Slutt for post i butikk

Posten Norge AS har brukt sine kloke hovuder for å finne måtar å spare pengar på.

Eit av dei nyaste sprell dei har funne på denne gongen er nedlegging av ulike «Postdepot».

Postdepot er ein ekstraservice som primært skal knytast opp til landposttenesta. Det er jo slik at landpostbodet, som skal ha med seg postpakkar ut til kundane, ikkje alltid får levert pakkane fordi kunden ikkje er heime. – For at kunden skal sleppe å reise heilt til postkontoret for å få ut postpakken sin, kan det gjerast avtale med til dømes bensinstasjonen eller  kjøpmannen om at postpakken blir lagd inn for henting der.

Norsk Posthistorisk Selskap 

Denne ordninga vart eigentleg avvikla ved omlegginga i Posten sitt ekspedisjonsnett i 1997. Av ulike grunner har den likevel fortsatt eksistert på fleire stader etter 1997, m.a. ved Brødrene Dalland AS i Strandvik. Men no er dessverre tida komen for at denne ordninga vert avvikla.

For at Brødrene Dalland AS skal kunne halde fram med utlevering av pakker må dei komme inn under konseptet «Post i Butikk». Underteikna tok ein tur til Brødrene Dalland og fekk høyre av Janne Andersen at butikken lenge har søkt om å få gå frå «Postdepot» til «Post i Butikk», men utan å få gehør for dette. Butikkpersonalet fryktar no for tap av både kundar og inntekter sidan næraste hentestad for pakker o.l. no vert Spar-butikken på Fusatun.

Tap av kundar og medfølgande tap av inntekter kan vere ein spiker i dødskista til butikken. Dette er eit nederlag for bygda. Me treng butikken vår, og kan ikkje la den miste verken kundar eller inntekter. Dessutan er Fusa faktisk eit godt stykkje unna for dei som er utan bil. Men dessverre, realiteten er at me etter 31. juli 2012 må hente pakkane våre på Fusa!