Våren let venta på seg, og det er mange som kjenne litt på seg at dei berre går og ventar på å få setje i gong med vårlege syslar. Men det gjeld ikkje alle. Akkurat no kan ein høyre lyden av gravemaskin øvst i Strandli. Sist veka var det lyden av hissige motorsager og traktorar ein høyrde. Det er tydeleg at noko stort er på gong, men kva? Dette må me komma til bunns i.
Stein Olav Hauge hadde vore observert gjennom osen frå motorsaga, og me tok kontakt med han. Joda, her var det store ting på gong kunne han fortelje. «Det er Leigland Bygg som hadde leigd inn eksperthjelp til å rydda her oppe, og eg trur ikkje da e for morro skuld» sa han med eit lurt smil. Han ba oss kontakta dagleg leiar og kasta seg over arbeidet igjen. Ikkje eit sekund og mista tydelegvis.
Ikkje berre er Mikal Leigland dagleg leiar, men òg ein samfunnsengasjert politikar. Midt oppe i kampen om å få behalde skulane i Fusa, tek han seg tid til ein prat. Når me ringjer sit han i bilen, sikkert på veg til nye prosjekt. Me spør forsiktig om kva som skjer øvst i Strandli, men eit kort og konsist svar får me ikkje. Han fortel om ungdommar som ikkje kjem seg inn på bustadmarknaden, om Fusa – kor fantastisk det er å bu i denne kommunen som både er landleg og by-nær og kor viktig det er med utvikling i heile kommunen. Han undrar seg over at ikkje fleire frå «bysida» ser moglegheiten til flotte tomter og hus til ein brøkdel av prisen på «hi-sio». Det er ikkje lett for ein stakkar ufaglærd heimeside-skrivar å notera alt som vert sagt, og ikkje var ein heilt forberedt heller. På veg inn i eit område med dårleg dekning høyrer me i bruddstykker: «Alltid plass til fleire i Strandvik … Er det nokon som vil flytta til Fusa, må det vera tomter tilgjengeleg … Målet må vera å utvikla etter etterspurnad … Be dei ringja», og så vart linja brutt.
Dagen etter står me der, øvst i Strandli. Høgt og fritt, med utsikt over Bjørnefjorden med fjella i Kvinnherad som bakteppe, Baldersheim til venstre og Tysnes til høgre. Ei bygd med mange aktivitetar for store og små, butikk, skule og ein flunkande ny barnehage frå hausten, hyggjelege naboar og eit steinkast frå turterreng. Ja, kven kunne ikkje tenkt seg å bu her? Det er berre å ta kontak med Leigland Bygg på 56 58 00 70.