Den kjære bygda vår er nominert til Kulturlandskapsprisen for Hordaland 2012.
Kulturlandskapsprisen, som delast ut kvart år, skal vera ei påskjøning til dei som har gjort ein mangeårig innsats for å ta vare på jordbruket sitt kulturlandskap i Hordaland.
Kvar kommune vert invitert til å koordinere og koma med forslag ved faginstansar innan landbruk, miljø og kultur saman med dei lokale faglaga. Slik sende landbrukskontoret for Os, Fusa og Samnanger inn eit forslag med blant anna Strandvik som ein av kandidatane.
Bygda har strålt frå si beste side i solstrålane den siste veka i mai, og det passa bra då representantar frå juryen ynskte å koma på synfaring. Dei var sjølvsagt meir enn velkomne.
Slik gjekk det til at juryleiar Steinar Sørlie frå kulturlandskapsavdelinga hos Fylkesmannen, Lars Peter Taule frå Hordland Bondelag, Tore Bjørgo frå Hordaland fylkeskommune og Jarle Helland frå bonde og småbrukarlaget troppa opp på Kvålshaugen tysdag 29. mai. Her blei dei møtt av kremen av bøndene våre, som kunne fortelja litt om kva bruk dei held til på, og korleis dei driftar desse.
Så blei dei tatt med på synfaring der dei mellom anna fekk omvising i fellesfjøset, sjå teigane på Rein med dyrka mark, oversyn over heile bygda frå Hauge og ein liten tur på den gamle postvegen mellom Strandvik og Fusa. Dei fekk seg også ei økt på Handelslaget, der dei blei servert kaffi og lefser.
Juryen virka fornøgde, og kommenterte mykje bra som dei la merke til undervegs. Men det endelege resultatet av kåringa får me ikkje veta før utgangen av august. Vinnaren vert vidare med i konkurransen om den nasjonale Kulturlandskapsprisen.
På fylkesmannen sine sider kan ein følgja med på andre nominerte kandidatar og anna informasjon kring Kulturlandskapsprisen. Med våre driftige bønder må vel dette vera oppnåeleg?
Kommenter og diskuter nedanfor ↓ !