Streik, boss og kva me IKKJE skal gjera

Boss

Våren er komen til Strandvik og me har lagt bak oss ei fantastisk Pinse-helg. Like sikkert som at bjørka vert grøn, så er lønnsoppgjeret i full gong. Me høyrer om stengde barnehagar og elevar som ikkje får tatt eksamen. Som sikkert alle har fått med seg, så vart streiken trappa opp idag. No er renovatørane òg teken ut i streik, og det er kanskje fyrst no at me i Strandvik merkar streiken.

Slik såg det ut rundt «boss-stasjonen» ved parkeringsplassen idag. Slik ønskjer me jo ikkje at det skal sjå ut i bygda vår!

BiR kjem ikkje til å tømma restavfall under streiken, men papir, papp og drikkekartong og plastemballasje vert henta som vanleg. Ein kan òg levera glass og metall til returpunkt, samt farleg avfall til eigne mottak. Med andre ord: Det er NO særs viktig å kildesortera avfallet vårt.

BIR oppfordrar kundane sine å:

  • Kildesortera slik at det vert minst mulig restavfall.
  • Ikkje fyll opp bosspanna med avfall som kan vente.
  • Komprimer bosset godt, og knyt posene godt samman.
  • Sett bosspannet i skuggen.
  • Dersom streiken vert langvarig og bosspannet er fullt, kan husstandane samla avfallet i ein vanleg bossekk. Den vil bli hentet sammen med bosset på ordinær tømmedag når streiken er avblåst.
  • Et tips er å fryse ned matavfall som kan avgi sterk lukt for å redusere luktplager fra bosset, som fiskeslo og rekeskall.
  • Oppbevar avfallet heime. Ikkje sett ut posar ut ved siden av bosspann som er fulle! Fuglar og dyr får lett hol på posane og dreg bosset utover.

 

Me vil oppfordra alle i Strandvik, fastbuande som besøkande, om å gjera ein innsats på kildesorteringsfronten, og ikkje setja ifrå seg boss utanfor containerane.