No kan du gjere ein innsats for miljøet og samstundes hjelpe 1.-4. trinn ved Strandvik oppvekstsenter i den nasjonale konkurransen ”Telysjakten”. Konkurransa går ut på at elevane skal samla inn flest mogleg tomme telyskoppar og levere dei til attvinning.
Telyskoppane er laga av aluminium, eit av dei mest attvinningsvenlege metalla som finnest. Ved attvinning av aluminium forbrukast det heile 95% mindre energi enn ved ny-produksjon. Ved hjelp av attvinning har produksjonen av brusboksar, syklar og motorar i attvunne aluminium ein langt mindre negativ påverknad på miljøet.
Konkurransen byrja 1. november 2013 og varar til 31. januar 2014. Både elevane og moder jord blir nok særdeles glad om du kan bidra med nokre tomme telyskoppar.
Om du har nokre oppbrukte telyskoppar så kan du leggje dei i postkassa til Joker Strandvik, lever dei inn på skulen eller rett og slett sende dei med ein elev. Telyskoppane må vera av metall (aluminium), og den vesle metallbrikka der veiken er festa, må vere fjerna.
Gå gjerne inn og les meir om «Telysjakten» ved å trykkje her.
«Hjelp oss å gjere in innsats for miljøet» seier 1. – 4. trinn ved Strandvik oppvekstsenter.